19. januar
Utsjånad
19. januar er den 19. dagen i den gregorianske kalenderen. Det er 346 dagar att av året (347 under skotår).
Merkedag
[endre | endre wikiteksten]Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar
[endre | endre wikiteksten]Religiøs helgedag
[endre | endre wikiteksten]Bevegelege heilagdagar som fell på 19. januar i 2024:
Namnedag
[endre | endre wikiteksten]Noreg | Marius og Margunn |
Sverige | Henrik |
Danmark | Pontianus |
Helgendag i den katolske kyrkja
[endre | endre wikiteksten]- Biskop Henrik av Finland
Hendingar
[endre | endre wikiteksten]Utlandet
[endre | endre wikiteksten]- 379: Keisar Gratian av Romarriket opphøgde Flavius Theodosius til augustus med makt over alle dei austlege provinsane i riket.
- 1419: Under Hundreårskrigen overgav Rouen seg til kong Henrik V av England.
- 1520: Slaget ved Bogesund mellom Sverige og Danmark, den svenske riksforstandaren Sten Sture den yngre blei dødeleg såra.
- 1893: Henrik Ibsen sitt skodespel Bygmester Solness hadde premiere i Berlin.
- 1966: Indira Gandhi blei indisk statsminister.
- 2006: Romsonden New Horizons vart skoten opp.
Noreg
[endre | endre wikiteksten]- 2004: Lasteskipet «Rocknes» gjekk på grunn og kantra i Vatlestraumen utanfor Bergen. 18 menneske døydde.
Fødde
[endre | endre wikiteksten]- Sjå òg Fødde den 19. januar.
- 1736: James Watt, skotsk matematikar og ingeniør
- 1807: Robert E. Lee, amerikansk general
- 1809: Edgar Allan Poe, amerikansk forfattar
- 1847: Olaus Fjørtoft, norsk samfunnskritikar og politikar
- 1897: Max Tau, tysk humanist, filosof og diktar
- 1920: Javier Pérez de Cuéllar, peruviansk diplomat og generalsekretær i SN.
- 1938: Anne Karin Elstad, norsk forfattar
- 1947: Arnfinn Vigrestad, norsk lokalpolitikar
- 1947: Frank Aarebrot, norsk statsvitar
- 1966: Stefan Edberg, svensk tennisspelar
- 1976: Christoph Sumann, austerriksk skiskyttar
- 1980: Jenson Button, engelsk formel 1-køyrar
Døde
[endre | endre wikiteksten]- Sjå òg Døde den 19. januar.
- 1597: Maharana Pratap, indisk herskar
- 1905: Debendranath Tagore, indisk filosof
- 1910: Olav Tjønnstaul, norsk spelemann
- 1924: Christian Skredsvig, norsk målar og forfattar
- 1929: Liang Qichao, kinesisk lærd
- 1935: Martin Olsen Nalum, norsk politikar
- 1942: Sven Aarrestad, norsk politikar
- 1969: Lars Evensen, norsk politikar
- 1985: Svein Rosseland, norsk astrofysikar
- 2000: Bettino Craxi, italiensk statsminister
- 2008: Astrid Løken, norsk entomolog
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten] Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: 19. januar