Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

...

Viser innlegg med etiketten Hage. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Hage. Vis alle innlegg

fredag 27. juli 2012

In my garden...







- Kvar blir det av utebilda dine, spurde ei dame meg ein dag. Godt spørsmål... Draumesidene hadde mykje naturbilder in the good old days. Litt av svaret er at eg ikkje klarer å gå så mykje akkurat no, og det nye kameraet mitt er tungt. Men i dag tenkte eg å dele utsikta og hagen min med alle. Ein nydeleg sommardag.

Blikkstille fjord og blå, blå himmel.
Som eit eventyr...


Elin

mandag 30. august 2010

Endeleg espalièr! :)



Vi bygde terrassen for over fem år sidan. Og heilt sidan den gongen, har eg venta på å få på plass espalièr i front. Men først måtte all torva fjernast under terrassen, og så la mannen i huset duk med pukk for å få ei rein og grei overflate der. Dette skjedde i fjor, og ENDELEG! No fekk vi hjelp til å lage til resten!
Eg er så glad :)







Det vart meir fullkome no, akkurat som om huset har stått og gapt opp alle desse åra.
Synes at alt kom meir i balanse. Skal ta skikkeleg bilde, når det er heilt ferdig :)



Ha ein fin kveld!

Klem
Elin

søndag 18. juli 2010

Knaggrekkje frå ZanZ, og nydeleg peonbed hos naboen :)



Hei alle gode bloggvener! Det er vel på tide med eit lite livsteikn? Kjem liksom ikkje heilt i gang igjen med produktiviteten enno? I morgen er ferien over for min betre halvdel, og eg trur at eg skal bli fole flenk då... Så spørs det om ferien min varer lengre? Idèane er i alle fall mange, og eg skal prøve å kome i gang i løpet av veka. Spørs litt kva vèr som er i vente? Så lite sol og varme som vi har hatt, er uteaktivitetar førsteprioritet dei dagane vèret er fint. I dag har det vore kjølegare og grått. Fekk verkeleg bli VÅT på trimturen min. Grøss og gru. Iskald rettare sagt. Godt at varmen inne berre er eit trykk unna ;)  Varmepumpa som eg frykta slik, har vist seg å bli ein god ven... To siste dagane har temperaturen vore rett under tretti varmegrader i skyggen, så overgangane er store!

Først i dag vil eg vise knaggrekkja mi, som enn så lenge heng over vasken på kjøkkenet. Kjøpt på ZanZ. Skålene kjøpte eg hos Emmas Verden før i vår. Nydelege, og kjempefine til frokostgryna. Ellers heng der litt av kvart. Den siste billedmontasjen er frå nabohagen. Dei har uendeleg mykje fint i sommarhus-hagen sin. Og eit peonbed midt imot kjøkkenglaset mitt... Tja, heaven on earth... Og så mange vakre typar! Dei mørk rosa var avblomstra etter regnet i natt. Men dei lysaste stod enno vakre. Har lyst til å ta med meg alle inn igjen i huset ;) Men dei er så nydelege å sjå på frå vindauga også.




Det er fantastisk å sitje på hagebenken i seine, varme sommarkveldar. Fjorden ligg så blank og fin, og eg let att augene og hamstrar inntrykk. Når vinteren kjem, skal eg late att augene igjen, og åpne denne skattekista full av gode sommarminner... Slik kortar eg ventetida mot ein ny vår... 



Ha ei vakker, ny veke alle saman!

Elin

♥ ♥ ♥

mandag 21. juni 2010

Endeleg sommar i hagen min! Og innlegg nummer hundre på Nye Draumesidene :)



**********************


Endeleg har regnet gitt seg, og det er mild luft ute. Hagen er så frisk, har sikkert kosa seg med alt vatnet som har ausa ned frå himmelen! Plenen er full av bjørkekvistar etter stormkasta i helga. Her er det berre å brette opp ermane, og setje i gang! Plenklipparen skal også få lov å bli med ein runde eller to. Men aller først måtte eg ta nokre bilder i hagetrappa. Augene skal få kvile på desse vakre tinga utover dagen. Og  skape ny inspirasjon. Håper du har ein fin dag, og at bilda kan glede deg også!







Eg er så takknemleg i dag. Eg har venta så veldig på mildare vindar, og ein himmel som ikkje følte for å sleppe så mykje regn nedover oss... No skal eg ut, og eg trur nok pc`en får kvile seg heilt resten av dagen. Tusen takk for alle fine kommentarar og gode ord.... Eg rekk visst ikkje rundt meir, men håper at dokke vil sjå og lese bloggen min likevel?


**************************************

God klem
Elin