Tyrkisk er eit språk som høyrer til den sørvestlege (oghuziske) greina av den tyrkiske språkfamilien og er nærast i slekt med aserbajdsjansk og turkmensk. Tyrkisk er offisielt språk i Tyrkia og på Kypros.
Tyrkia har kring 72 millionar innbyggjarar. Truleg utgjer 28 millionar ulike etniske minoritetar med eigne språk, slik at talet på førstespråkstalarar av tyrkisk ligg kring 45 millionar. Det finst over ein million tyrkisktalande i Bulgaria, Kypros, Hellas, Nord-Makedonia, Romania og Usbekistan og store grupper i Vest-Europa, mellom anna kring 2 millionar i Tyskland.
Tyrkisk er den historiske fortsetjinga av osmansktyrkisk (sjå osmanli). Sidan alfabetreforma i 1928 har tyrkisk blitt skrive med det latinske alfabetet.
Türk tyder 'tyrkar' og Türkçe 'tyrkisk (språk)'. Landet heiter Türkiye 'Tyrkia' eller Türkiye Cumhuriyeti 'Republikken Tyrkia'. Dei to største byane i landet er İstanbul og hovudstaden Ankara.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.