Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Sutur har fleire tydingar og blir brukt innan anatomi, biologi og om kirurgiske teknikkar.

Faktaboks

Uttale
sutˈur
Etymologi
av latin sutura, ‘saum’

Kirurgi

Suturteknikk
Det finst mange ulike suturteknikkar. Ein av dei mest brukte er den enkle, avbrotne suturen. Ein stikk nåla ned i huda på den eine sida av såret, gjennom såret og opp gjennom den friske huda på den andre sida av såret. Deretter føyer ein dei to sårkantane saman og knyter trådendane.
Suturteknikk
Av /Shutterstock.

Sutur er ein kirurgisk teknikk for samansying av sårkantar, sjå kirurgisk sutur.

Anatomi

Sutur blir også brukt om den beinete samanføyinga (saum) mellom knoklane i skallen. Knoklane er knytte til kvarandre ved hjelp av bindevev (syndesmose), som meir eller mindre forbeinar seg med åra (synostose). Etter forma på knokkelrendene skil ein mellom sagsutur (takksutur), skjelsutur, glattsutur og furesutur.

Biologi

Sutur refererer også til enkelte plater i panseret på leddyr.

Geologi

Geologisk sutur, danna ved kontinent-kollisjon (fjellkjededanning)
Danning av sutur (raud linje) som resultat av kontinent-kollisjon (fjellkjededanning), som til dømes Himalaya (med India og Asia som kontinent A og B) og Alpane (med Europa og Afrika som kontinent A og B).
Geologisk sutur, danna ved kontinent-kollisjon (fjellkjededanning)
Lisens: CC BY SA 3.0

Innan platetektonikk blir ordet sutur brukt om ei deformasjonssone eller forkastingssone som skil kontinent eller fragment av jordskorpe frå to ulike plater. Slike suturar blir først og fremst danna når kontinent kolliderer og fjellkjeder blir danna. Sjå sutur – geologi.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar (5)

skreiv Morten Mikalsen

Hadde vært supert om de forskjellige merkingene på nålene og tråd størrelse var beskrevet her. Takk for den gode jobben dere gjør.

svarte Halvard Hiis

Hei, Morten. Takk for kommentaren. Fagansvarlig Søreide har lagt inn informasjon om dette i artikkelen "kirurgisk sutur". Vennlig hilsen Halvard i redaksjonen

skreiv Andreas Fuglstad

Begrepet sutur er også brukt innen geologien.

svarte Halvard Hiis

Takk for kommentaren. Artikkelen er nå oppdatert. Vennlig hilsen Halvard i redaksjonen

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg