Skjærtorsdag er torsdag i den stille veka før påske. I kyrkjeåret blir dagen markert til minne om innstiftinga av nattverden, då Jesus også vaska føtene til disiplane. Skjærtorsdag kjem av gamalnorsk skira, reinsing, som truleg viser til fotvaskinga. På skjærtorsdag var det skikk å gå til kyrkja, og mange gjekk til nattverden. Nattverden kan òg uttrykkje ei åndeleg reinsing.
Ifølgje folketradisjonen skulle heksene ha særleg makt denne dagen. Ein kunne verne seg mot dei på ulike måtar, mellom anna var det vernekraft i korset og i sopelimen – heksene sitt eige framkomstmiddel. Det var vanleg å leggje ein sopelime utanfor inngangsdører – ein tenkte seg at ei heks ikkje kunne gå over sopelimen. Eit anna verneråd var å ringje med kyrkjeklokkene.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.