Organisk kjemi er eit fagområde innan kjemi som omhandlar dei aller fleste kjemiske sambindingane der karbon inngår, dei såkalla organiske sambindingane.
Faktaboks
- Uttale
- orgˈanisk kjemˈi
Kjemi blir delt inn i to hovudgrupperingar, organisk kjemi og uorganisk kjemi. Stoff som inneheld karbon og hydrogen, blir kalla organiske stoff. Nokre enkle karbonsambindingar utan C–H-binding, som karbonoksid, karbonat, karbidar og liknande, blir rekna som uorganiske sambindingar.
Karbonsambindingar er viktige for alt som lever. Samstundes finst det karbonsambindingar i ikkje-levande stoff, og ein kan altså òg framstille slike sambindingar i eit laboratorium. Organiske sambindingar kan innehalde fleire atom, til dømes oksygen (O), nitrogen (N), svovel (S) eller fosfor (P). Men det finst òg karbonsambindingar som ikkje høyrer til gruppa organisk kjemi, til dømes karbondioksid (CO2), karbonsyre og stoff som berre består av karbon (diamant, grafitt og kol).
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.