Kronologi er vitskapen om tidsrekning og inndeling av tid. Omgrepet blir også brukt om ei framstilling av hendingar i tidsrekkjefølgje.
Kronologi kan delast inn i to kategoriar:
- astronomisk eller matematisk kronologi, som gir ei framstilling av dei avsnitta av astronomien som viser korleis tida kan reknast ved hjelp av himmellekamar (bokmål: himmellegemer), og korleis ein kan samanlikne dei ulike formene for tidsrekning
- historisk eller teknisk kronologi, som mellom anna gjer greie for kalendrar som er brukte til ulike tider og hos ulike folk
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.