Mathilde er eit kvinnenamn som kjem av gammalhøgtysk Macht-hilt. Forleddet tyder ‘makt’ og etterleddet ‘strid’.
Mathilde (kvinnenamn)
Kjende personar med namnet Mathilde
Eit utval personar med namnet Mathilde, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Mathilde (markgrevinne) (1046–1115)
- Mathilde Marchesi (1821–1913)
- Mathilde Fibiger (1830–1872)
- Mathilde Dietrichson (1837–1921)
- Mathilde Schjøtt (1844–1926)
- Mathilde (dronning av Belgia) (1973)
- Mathilde Tybring-Gjedde (1992)
Namnestatistikk
I 2022 var det 5 602 kvinner i Noreg som hadde Mathilde som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 131 jenter som fekk namnet Mathilde, og det var blant dei 50 mest populære jentenamna dette året.
Utvikling i bruk av namnet
Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for variant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Mathilde og Matilde slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Mathilde er blant dei namna som etter ein topp i perioden 1875–79 har fått ein ny topp omtrent 130 år seinare. Varianten Matilde, som har vore lite brukt, byrja på eit oppsving i 1980-åra. Dette var omtrent samtidig med oppsvinget for Mathilde. Sidan år 1900 har Mathilde vore brukt 4,5 gongar meir enn Matilde.
Geografisk variasjon på 1800-talet
Mathilde var mest brukt i Vestfold.
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Janzén, Assar 1947: De fornvästnordiska personnamnen. [Nordisk kultur 7].
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.