Jan Terje Faarlund er ein norsk språkforskar. Han er ein av Noregs mest kjende og internasjonalt anerkjende lingvistar. Faarlund har særleg arbeidd med historisk syntaks, med hovudvekt på syntaktiske endringar i nordiske språk frå urnordisk til norrønt og vidare til dagens moderne norsk.
Jan Terje Faarlund
Faktaboks
- Fødd
- 3. mai 1943, Hamar
- Verke
- Språkforsker
- Familie
-
Foreldre: Agronom og disponent Anners Faarlund (1910–82) og bokhandlermedhjelper Ruth Bergljot Haugen (1917–).
Gift 1) 1967 med lektor Bente Halmer (19.8.1941–), datter av Harald Sverdrup Halmer og Signe Grande, ekteskapet oppløst 1977; 2) 1980 med student, senere professor Sheila Post, ekteskapet oppløst 1982; 3) 1988 (samboer fra 1983) med forsker Marianne Gullestad (1946–2008).
Bakgrunn
Faarlund vart mag.art. i nordisk språkvitskap i 1974, stipendiat i 1974–1979, deretter amanuensis og sidan professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Trondheim (no NTNU) i periodane 1981–1983 og 1985–1997. Han var professor i nordisk og allmenn språkvitskap ved University of Chicago i 1979–1980 og 1984–1985, seinare professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Oslo frå 1998.
Språkvitskap
Faarlund har mellom anna skrive boka Syntactic Change. Towards a Theory of Historical Syntax (1990) og referanseverket The Syntax of Old Norse (2004), den første norrøne syntaksen på nesten hundre år. Han har også forska på norsk og nordisk grammatikk meir allment, med Norsk referansegrammatikk (1997), skrive saman med Svein Lie og Kjell Ivar Vannebo, som viktigaste verk. Andre arbeid med ei reint synkron orientering er Norsk syntaks i funksjonelt perspektiv (1980, 2. rev. utg. 1992) og Totenmålet (2000), ein kortfatta grammatikk over dialekten i Faarlund si heimbygd Østre Toten.
Generativ språkteori
Forskinga til Faarlund er prega av den sterke interessa hans for lingvistisk teori. Han er tilhengjar av og har sjølv arbeidd innanfor den generative språkteorien som vart grunnlagd av Noam Chomsky. Han har gitt ein lettfatteleg populærvitskapleg introduksjon til denne teorien med boka Revolusjon i lingvistikken. Noam Chomskys språkteori (2005). Gjennom arbeidet sitt, der han har nytta generativ lingvistisk teori på eit norsk og nordiskspråkleg materiale, har Faarlund vore med på å byggje bruer mellom fagmiljøa i nordisk og allmenn språkvitskap. Han har sete i diverse fagpolitiske og administrative komitear, der han har bidrege til å fremje utbreiinga av den generative språkteorien ved universitetet.
Nynorsk
Som leiar for nynorskseksjonen i fagnemnda i Norsk språkråd i 1996–2000 spelte Faarlund ei viktig rolle i normeringa av det nynorske skriftspråket. Faarlund markerte seg som tilhengjar av ei stram og tydeleg norm når det gjaldt formverket. Han var likevel generelt positiv til den liberaliseringa av ordtilfanget i nynorsk som vart gjennomført tidleg på 2000-talet, der mange dansk-tyske lånord som tidlegare hadde vore utestengde frå nynorske ordlister, kom inn i varmen.
Språktypologi
Sjølv om hovudvekta av Faarlund si språkforsking har lege på dei nordiske språka, har han også interessert seg for andre ikkje-liknande og typologisk fjerntliggjande språk. Feltarbeidet og forskinga hans i indianarspråket zoque i Mexico resulterte i boka A Grammar of Chiapas Zoque (2012), som er den første omfattande grammatikken for dette språket. Faarlund har alltid vore oppteken av strukturelle likskapar og skilnadar mellom språk (språktypologi) og av den underliggjande menneskelege språkevna, som han meiner er biologisk fundert. I seinare år har han såleis vore tilknytta SFF-et Centre for the Study of Mind in Nature (CSMN) ved Universitetet i Oslo, der han har forska på språkleg kompetanse i samarbeid med mellom anna språkfilosofar.
Andre verv og utmerkingar
Faarlund vart medlem av The Philological Society i London i 1977, Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim i 1983 og av Det Norske Videnskaps-Akademi i Oslo i 1996. Han fekk den prestisjetunge Gad Rausings-prisen frå Kungliga Vitterhetsakademien i 2013.
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Hvem er hvem 1994
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.