Jordbruket har mykje å seie, særleg i tidlegare Norddal kommune, og primærnæringane omfattar vel tolv prosent av arbeidsplassane i Fjord (2019). Jordbruket er basert på eit variert husdyrhald, særleg av storfe, sau og geit, og det blir drive mykje hagebruk. Klimaet er til dømes veleigna for frukt- og bærdyrking fleire stader i kommunen, og det blir drive mykje jordbærdyrking.
Etter offentleg administrasjon og tenesteyting er byggje- og anleggsverksemd, kraft- og vassforsyning og renovasjon den viktigaste næringa i Fjord målt etter sysselsetjing. Denne næringa har 17 prosent av arbeidsplassane i kommunen, 22 prosent inkludert industri og bergverk (2019). I industrien er møbel- og næringsmiddelindustrien dei viktigaste bransjane med høvesvis 53 og 23 prosent av sysselsetjinga i industrien (2019). Sistnemnde er basert på mellom anna ei stor foredling av bær i Valldal. Annan industri er stort sett verkstadindustri.
Kommunen har stor turisttrafikk, og dette blir spegla i at varehandel og overnattings- og serveringsverksemd har 16 prosent av arbeidsplassane i kommunen (2019). Turisttrafikken er særleg stor om sommaren, og det finst ei rekkje turistanlegg i kommunen. Valldalselva har eit godt laksefiske. Stordal Alpinsenter ligg på Overøye inne i Stordalen.
Ved munningen av Valldalselva ligg Muritunet, eit rehabiliteringssenter innan spesialisthelsetenesta med tilbod til pasientar med ortopediske inngrep, revmatiske og nevrologiske tilstandar, lettare grad av hjerneslag, slitasjesjukdommar og -skadar, kroniske smerter og hjarte- og lungesjukdommar.
Fjord er kommunen med nest størst vasskraftproduksjon i Møre og Romsdal, og er ein viktig kraftkommune på landsbasis. Dei 14 vasskraftverka i kommunen produserer til saman 1201 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Tafjord 4 (i drift fra 1968), som står for om lag førti prosent av vasskraftproduksjonen. Andre store kraftverk er Tafjord 5 (1982) og Tafjord 2 (1952). Tafjord Kraftproduksjon er hovudeigar av nesten all vasskraftproduksjonen i kommunen.
Av dei yrkesaktive som var busette i Fjord kommune i 2019, hadde 29 prosent arbeid utanfor kommunen. Ni prosent arbeidde i Ålesund, seks prosent i Stranda og i alt sju prosent i andre kommunar på Sunnmøre.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.