Bykle er ein tettstad i Bykle kommune i Agder. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,5 km², og har 242 innbyggjarar (2023).
Tettstaden er administrasjonssenter i Bykle kommune, og ligg ved Rv.9 på vestsiden av Otra.
I tettstaden ligg Bykle kyrkje frå 1619 og to samlingar eldre hus og interiør, Huldreheimen og Lislestog.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.