Telford
Telford er ein planlagt by i grevskapet Shropshire i England. Han vart grunnlagd under namnet Dawley New Town i 1965, og fekk det noverande namnet sitt etter ingeniøren Thomas Telford, i 1968. Han vert administrert som ein del av den sameinte styresmakta (unitary authority) Telford and Wrekin.
Telford | ||
---|---|---|
Sentrum | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Shropshire | |
Distrikt | Telford and Wrekin | |
Grunnlagd | 1968 | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) |
162 300 | |
Koordinatar | 52°41′N 2°27′W / 52.683°N 2.450°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | TF1–5, TF7 | |
Telefon-retningsnummer | 0 1952 | |
Byen har 162 300 innbyggjarar (2009); målet som opphavleg var sett var 250 000 innan år 2000. Planen vart endra alt i 1976, fordi regjeringa såg at det var for optimistisk. Ein prøvde òg å bremse ned fordi utflyttinga frå Birmingham og Liverpool byrja å få ein negativ effekt for delar av desse byane.
Hovuddelen av byen vart reist i 1960- og 1970-åra. Fleire eksisterande småbyar og landsbyar, som Dawley, Donnington Wood, Oakengates, Wellington og Madeley. Utbygginga av bustadområde fortsette inn i 1990-åra.
Byen er knytt til det britiske motorvegnettverket gjennom M54, opna i 1983, som går inn på M6.
Elektronikkselskapet Ricoh Corp. er ein av dei viktigaste arbeidsgjevarane i byen, og har testlaboratorium og fabrikkar som bygger trykkpresser for den grafiske industrien.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Telford» frå Wikipedia på bokmål, den 18. juli 2011.