Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Nunatak

isolert fjelltopp som stikk opp over overflata på ein isbre
Versjonen frå 26. januar 2007 kl. 13:04 av Thijs!bot (diskusjon | bidrag) (robot la til: cs:Nunatak)

Ein nunatak er eit fjell som stikk opp eller har stukke opp gjennom ein isbre. Ein nunatak blir ikkje dekka av is fordi fjellet blir blese bart for snø. Rundt fjelltoppen kan derimot isen vera fleire hundre meter tjukk.

Ein nunavut stikk opp over isen. Her ser me Drakryggen i Lappland.

Nunataktoppar er som regel bratte og spisse på form. Dette gjer at is og snø ikkje får feste, men dei held seg òg slik fordi isen ikkje er der til å gnura dei ned.

Nunatak er eit inuittisk ord som har vore brukt i europeiske språk sidan 1880-åra. I Noreg har Jostedalsbreen fleire nunatakar, med Lodalskåpa som den høgaste og best kjende.