Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

2012 er ein amerikansk katastrofefilm frå 2009 som byggjer på 2012-fenomenet, førestillinga om at verda ville gå under i 2012. Filmen blei regissert av Roland Emmerich og har blant andre John Cusack, Amanda Peet og Danny Glover i hovudrollene.

2012
RegiRoland Emmerich Sjå dette på Wikidata
Forfattar(ar)Roland Emmerich Sjå dette på Wikidata
Produsent(ar)Harald Kloser, Roland Emmerich, Mark Gordon, Larry J. Franco, Ute Emmerich Sjå dette på Wikidata
ManusRoland Emmerich, Harald Kloser Sjå dette på Wikidata
MedverkandeJohn Cusack, Chiwetel Ejiofor, Amanda Peet, Oliver Platt, Thandie Newton, Danny Glover, Woody Harrelson, Thomas McCarthy, Liam James, Morgan Lily, Beatrice Rosen, Johann Urb, George Segal, John Billingsley, Jimi Mistry, Chin Han, Osric Chau, Patrick Bauchau, Ryan McDonald, Stephen McHattie, Zlatko Burić, Karin Konoval, Blu Mankuma, Merrilyn Gann Sjå dette på Wikidata
KlippDavid Brenner Sjå dette på Wikidata
MusikkHarald Kloser, Thomas Wander Sjå dette på Wikidata
SjeffotografDean Semler Sjå dette på Wikidata
ProduksjonsselskapCentropolis Entertainment, Columbia Pictures Sjå dette på Wikidata
DistributørInterCom, Netflix, Sony Pictures Motion Picture Group Sjå dette på Wikidata
Utgjevingsdato13. november 2009 (USA),[1] 13. november 2009 (Sverige),[2] 12. november 2009 (Tyskland),[3][4] 11. november 2009 (Frankrike)
Lengd158 minutt Sjå dette på Wikidata
OpphavslandUSA, Canada Sjå dette på Wikidata
Språkengelsk, fransk, tibetansk, kinesisk
Inntening791 217 826 US-dollar (verdsfemnande),[5] 166 112 167 US-dollar (USA)[1]
Sjangerscience fiction-film, katastrofefilm Sjå dette på Wikidata

På tross av eit skremmande tema og uvanleg spektakulære spesialeffektar, er 2012 ein underhaldningsfilm der dei store øydeleggingane og ferda mot redninga blir skildra med fart og spenning, humor og trygge filmklisjear.

Filmen hadde premiere fredag den 13. november 2009. I Noreg fekk han ei aldersgrense på 11 år.

Handling

endre

Handlinga i filmen tek til i 2009, då vitskapsfolk oppdagar at urgamle spådommar om at jorda skal gå undergang, blant anna henta frå mayaene sin kalender, er sanne og at jordkloten vil bli øydelagd 21. desember 2012. Når datoen kjem, bryt det ut ei rekkje ekstreme naturkatastrofar som utslettar store delar av menneskja: jordskorpa sprekk opp og landområde flyttar seg i veldige jordskjelv, vulkanutbrot og tsunamiar. Leiarane i verd, dei rikaste og nokre utvalde har sikra seg plass i fleire «arker», gigantiske overlingsskip som i all løyndom er blitt laga i Tibet. Hovudpersonane, ein skilsmissefamilie frå California, klarer på utruleg vis å koma seg unna farene og til sist redda seg inn i ein av arkene der menneska er trygge til katastrofen er over.

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 "2012"; The Internet Movie Database; vitjingsdato: 6. januar 2024; IMDb-nummer: tt1190080; språk på verket: engelsk.
  2. «2012». Svensk Filmdatabas (på svensk). Henta 6. januar 2024. 
  3. «2012». The Internet Movie Database (på fleire språk). Henta 6. januar 2024. 
  4. "2012"; filmportal.de; vitjingsdato: 6. januar 2024; språk på verket: tysk.
  5. «Top Lifetime Grosses». Box Office Mojo (på engelsk). Henta 6. januar 2024. 

Bakgrunnsstoff

endre