You'll Never Walk Alone
«You'll Never Walk Alone» er ein musikalsong frå 1945 frå Rodgers and Hammerstein-musikalen Carousel. I andre akt av musikalen syng Nettie Fowler, syskenbarnet til den kvinnelege hovudrolla Julie Jordan, «You'll Never Walk Alone» for å trøyste og oppmuntre Julie etter at ektemannen hennar, Billy Bigelow, den mannlege hovudrolla, har teke livet av seg etter eit mislukka ransforsøk. Songen kjem attende i den siste scenen for å oppmuntre ein avgangsklasse der Louise (dottera til Billy og Julie) går. Den no usynlege Billy, som har fått sjansen til å kome attende til jorda for ein dag for å frelse seg sjølv, ser på seremonien og klarar å motivere den ulukkelege Louise til å bli med på songen.
«You'll Never Walk Alone» Introdusert i musikalen Carousel frå 1945. | |
Musikk av | Richard Rodgers |
---|---|
Tekst av | Oscar Hammerstein II |
Språk | engelsk |
Innspelt av | Christine Johnson Judy Garland Doris Day Mahalia Jackson Billy Eckstine Gerry & The Pacemakers Perry Como Roy Hamilton Frank Sinatra Barbra Streisand Patti LaBelle Bernadette Peters Louis Armstrong Elvis Presley Katherine Jenkins Ben Stern The Righteous Brothers Andy Williams Johnny Cash Josh Groban |
Songen vert òg sungen av fotballfans for fleire fotballklubbar verda over. Dette har særleg vore ein tradisjon i Liverpool F.C. sidan tidleg i 1960-åra.
Bakgrunn
endreChristine Johnson, som skapte rollefiguren Nettie Fowler, introduserte songen i den originale Broadway-produksjonen.[1] Seinare i showet syng Jan Clayton, som Julie Jordan, songen, før koret kjem inn.
I filmen vert han først sungen av Claramae Turner som Nettie. Den gråtande Julie Jordan (Shirley Jones) prøver å syngje songen, men klarar det ikkje. Han vert seinare sungen på ny av Julie og dei som går i klassen hennar.
Historie
endreUtanom innspelinga av songen på albumet frå musikalen og filmen, har songen blitt spelt av mange anre artistar, mellom anna av Roy Hamilton,[2] Frank Sinatra, Gerry and the Pacemakers, Judy Garland, Elvis Presley, Andy Williams og Doris Day. Den progressive rockegruppa Pink Floyd brukte ei innspeling av Liverpool-fansen som syng songen og nytta han i sin eigen song, «Fearless» i 1971 på albumet Meddle.
Frå 1964 til 2010 avslutta Jerry Lewis den årlege Jerry Lewis Labor Day MDA Telethon med å syngje songen.[3] Etter kvar konsert med rockebandet Queen byrja publikum spontant å syngje songen, i følgje sologitaristen Brian May,[4] og dette var med å inspirere dei til ås krive songane «We Are the Champions» og «We Will Rock You». Den italiensk-amerikanske tenoren Sergio Franchi song ein versjon av songen i lag med Welsh Men's Choir den 9. juni 1968 på The Ed Sullivan Show.[5] Han song òg songen i 1964 på albumet The Exciting Voice of Sergio Franchi. Den amerikanske songaren Barbra Streisand song songen under avslutninga av Emmyprisutdelinga i 2001.[6]
I 1990 under konserten Nelson Mandela: An International Tribute for a Free South Africa ved Wembley Stadium London, braut publikum spontant ut i ein versjo nav songen. Mandela snudde seg mot Adelaide Tambo som stod ved han på scenen og spurte kva song det var. Ho svarte «ein fotballsong».
Renée Fleming song songen under Concert for America, som markerte ettårsmarkeringa for 9. september-åtaket,[7] og under innsetjinga av Barack Obama den 20. januar 2009.[8]
I andre sesongen av American Horror Story vart teksten i songen lese som eit dikt.
Idrettssong
endreYou'll Never Walk Alone av Gerry and the Pacemakers frå albumet How Do You Like It | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Oktober 1963 | |
Innspelt | 2. juli 1963, EMI Studios, London[9] | |
Lengd | 2:40 | |
Selskap | Columbia (EMI) (UK) Laurie Records (US) | |
Komponist | Richard Rodgers | |
Tekstforfattar | Oscar Hammerstein II | |
Produsent | George Martin | |
Gerry and the Pacemakers-kronologi | ||
---|---|---|
«I Like It» (1963) |
You'll Never Walk Alone | «I'm the One» (1964)
|
I Storbritannia er den mest suksessrike versjonen av songen frå 1963 med Merseybeat-gruppa Gerry and the Pacemakers frå Liverpool. Denne låg fire veker på toppen av den britiske singellista. Songen vart raskt ein anthem for Liverpool Football Club og vert sungen av supportarane like før kampstart av kvar heimekamp.[10][11]
I følgje den tidlegare spelaren Tommy Smith, presenterte frontmannen Gerry Marsden ei plate med songen til Liverpool-manageren Bill Shankly sommaren 1963. «Shanks likte særs godt det han høyrde. Fotballjournalistar frå den lokale avisa reiste i lag med oss og skreiv om kva som helst sidan det var sommarpause, og sende attende til redaktørane sine at me hadde byrja å bruke Gerry Marsden sin komande singel som klubbsong.»[12] Klubben vart så invitert til å framføre songen med bandet på The Ed Sullivan Show[13] og Shankly valde seinare songen som den åttande og siste songen for si «Aude øy-plate» kvelden før FA Cup-finalen i 1965.[14]
Songen vart seinare òg sungen av fansen til det skotske laget Celtic og vert sungen av fansen før kvar heimekamp i Europacupen.[13][15] Andre som syng songen er fansen til fotballaga Feyenoord, FC Twente og SC Cambuur frå Nederland,[16] Borussia Dortmund, FSV Mainz 05, 1. FC Kaiserslautern, SV Darmstadt 98, Eintracht Braunschweig, Borussia Mönchengladbach, VfL Osnabrück, Alemannia Aachen, FC St Pauli, TSV 1860 Munich i Tyskland,[17] Club Brugge i Belgia, F.C. Tokyo i Japan,[18] CD Lugo i Spania,[19] og Marist St. Pats MSP 80/80 Blues.
Innspelingar
endre- 1945: Christine Johnson (første framføring - 19. april 1945)
- 1945: Frank Sinatra med The Ken Lane Singers
- 1946: Judy Garland
- 1952: Perry Como
- 1952: Fred Waring and The Pennsylvanians
- 1954: The Imperials
- 1954: Harold Coates Orchestra
- 1954: Roy Hamilton
- 1955: Mahalia Jackson and The Falls-Jones Ensemble
- 1956: Ray Bloch and His Orchestra and Chorus
- 1956: John Hanson & Doreen Hume med The Embassy Chorus and Orchestra
- 1956: Jane Froman
- 1956: Mario Lanza
- 1956: Shirley Jones og Claramae Turner
- 1956: Ronnie Hilton
- 1957: Ray Bohr
- 1958: Gene Vincent and The Blue Caps
- 1958: Golden Gate Quartet
- 1958: The Normann Luboff Choir
- 1959: Richard Cannon
- 1959: Conway Twitty
- 1959: Tina Scott
- 1959: Clara Ward
- 1959: Roberta Sherwood med orkester dirigert av Jack Pleis
- 1959: Leslie Uggams
- 1959: The Diamonds og Pete Rugolo
- 1959: Malcolm Vaughan
- 1959: Toni Dalli
- 1960: Andy Williams
- 1960: Johnny Preston
- 1960: The Flamingos
- 1960: Harry Simeone Chorale
- 1960: Billy Eckstine
- 1960: Gerry Granahan
- 1961: Don Rondo
- 1961: The International Pop Orchestra
- 1961: Keely Smith
- 1961: Clyde Scott
- 1961: Patricia Smith
- 1961: Leigh Barron
- 1961: Jane Morgan
- 1961: David Whitfield
- 1962: Shirley Bassey med Tony Osborne and His Orchestra
- 1962: Doris Day
- 1962: Jimmy Little
- 1962: Howard Morrison Quartet
- 1962: The Australian Boys' Choir
- 1962: Norman Charles
- 1962: Jimmy Little
- 1962: Harry Secombe
- 1962: Louis Armstrong & His All Stars
- 1963: Ray Charles
- 1963: The Lettermen
- 1963: Ray Pilgrim
- 1963: Gerry and The Pacemakers
- 1963: Jo Stafford og Gordon MacRae
- 1963: Patti LaBelle and The Bluebelles
- 1963: The Original Blind Boys of Alabama
- 1963: Doris Akers
- 1963: Freddie Ellis
- 1964: Frans van Schaik
- 1964: Johnny O'Keefe
- 1964: The Bachelors
- 1964: Solomon King
- 1964: Sergio Franchi
- 1964: Mieke Telkamp
- 1964: The Sheratons
- 1964: The Ray Conniff Singers
- 1965: The Righteous Brothers
- 1965: Jackie Wilson
- 1965: The Knickerbockers
- 1965: The Capers
- 1965: John Gary
- 1965: Don & The Goodtimes
- 1966: The Blue Boys
- 1966: Kiri Te Kanawa
- 1966: The Timetakers
- 1966: The Crusaders
- 1966: The Marksmen
- 1966: The Imperials
- 1967: Dionne Warwick
- 1967: Dottie West
- 1967: Anita Bryant
- 1967: The Uniques
- 1967: Patricia Cahill
- 1968: Elvis Presley med The Jordanaires
- 1968: Louis Armstrong
- 1968: Byrdie Green
- 1968: Child
- 1969: Lovelace Watkins
- 1969: The Brooklyn Bridge
- 1969: Mal dei Primitives
- 1969: Tammy Wynette
- 1969: Mantovani and His Orchestra
- 1969: The Love Chain
- 1969: Tom Jones
- 1970: Jim Nabors
- 1970: Glen Campbell
- 1971: The Mormon Tabernacle Choir
- 1971: Engelbert Humperdinck
- 1971: Jerry Reed
- 1972: Johnny Farnham
- 1972: Lena Martell
- 1972: Aretha Franklin
- 1973: Blue Haze
- 1974: Martin Dale
- 1975: Frank Lammar
- 1976: Al Allen and Co.
- 1976: Robert Young
- 1976: Kim Cordell
- 1976: Lee Towers
- 1977: Beryl Hall
- 1978: John Cavell
- 1978: Julie Gray
- 1978: Frankie Dunn and The Checkers
- 1978: Bryn Yemm meets The Morriston Orpheus Choir
- 1978: Ship's Company And Royal Marine Band Of H.M.S. Ark Royal
- 1979: Frankie Vaughan
- 1979: Street Corner Society
- 1979: Chris Conrad
- 1979: Eddy Smets
- 1981: B.J. Thomas
- 1981: Danny Mirror & The Jordanaires
- 1982: The Adicts
- 1982: Timi Yuro
- 1983: André van Duin
- 1985: The Crowd
- 1985: Weekend
- 1985: Slade
- 1985: Double D
- 1985: The Muppets
- 1987: Michael Crawford
- 1987: Maureen Forrester
- 1989: Samuel Ramey
- 1989: John Springate
- 1989: Olivia Newton-John
- 1989: Kiri Te Kanawa & The Mormon Tabernacle Choir
- 1992: Papa Bue's Viking Jazzband
- 1993: Grady Tate
- 1993: Cilla Black med Barry Manilow
- 1994: Public Toys
- 1994: Peter Cousens
- 1995: Lee Greenwood
- 1995: Mario Lanza
- 1995: Pips, Chips & Videoclips
- 1996: Michael Ball
- 1996: Laurie Beechman
- 1996: Tommy Körberg & Royal Stockholm Philharmonic Orchestra
- 1996: Daniel O'Donnell
- 1996: Bryn Terfel
- 1996: Robson & Jerome
- 1996: Günther Neefs
- 1997: Steven Houghton
- 1997: Barbra Streisand
- 1998: Robin S.
- 1998: Mambo Kurt
- 1998: José Carreras, Placido Domingo & Luciano Pavarotti
- 1999: Kevin Rowland
- 1999: Schatteman & Couvreur
- 2000: Die Toten Hosen
- 2000: Lesley Garrett, BBC Concert Orchestra dirigert av Peter Robinson
- 2000: Ryker's
- 2001: Smoking Popes
- 2001: Jan Keizer
- 2001: Hayley Westenra
- 2002: Montezuma's Revenge
- 2002: Bela B. & The Tikiwolves med Gary'o'Wolf
- 2002: Brian Conley
- 2002: George Salinas
- 2002: Bernadette Peters
- 2002: Renée Fleming
- 2003: Johnny Cash
- 2003: Don Cherry
- 2003: Denise Montana
- 2004: Katherine Jenkins
- 2004: Sissel Kyrkjebø
- 2004: Rhys Meirion
- 2005: G4
- 2005: Wing
- 2005: Alicia Keys (Hurricane Katrina disaster relief)
- 2006: Richard Thompson
- 2006: The BossHoss
- 2006: Rita MacNeil
- 2006: The Fron Male Voice Choir
- 2006: Christer Sjögren
- 2006: Bob Rowe
- 2006: Los Fastidios
- 2007: Klaus Lage
- 2007: Jordin Sparks
- 2007: Lisa Crouch
- 2007: Alfie Boe
- 2008: Dudu Fisher
- 2008: Thomas Lang
- 2008: Wilfried Van den Brande
- 2008: Jed Madela
- 2008: Geoff Sewell
- 2008: Mario Frangoulis
- 2008: Bandit
- 2008: André Hazes
- 2009: Tokyo Ska Paradise Orchestra
- 2009: Andrei Lugovski
- 2009: The Priests
- 2009: Keith Jack
- 2009: André Rieu and His Johann Strauss Orchestra
- 2009: Chris de Burgh
- 2010: John Barrowman
- 2010: David Campbell
- 2010: Siobhán Owen
- 2010: Vocal Evolution
- 2010: Mark Vincent
- 2011: Tri Tenor Cymru
- 2011: The Soldiers
- 2011: Sandi Patty
- 2011: Wayne Hussey og Julianne Regan
- 2011: Celtic Woman
- 2012: Lisa Dillan og Asbjørn Lerheim
- 2012: Dominic Kirwan
- 2012: David Phelps
- 2012: Melanie C
- 2012: Susan Boyle
- 2012: Joseph Calleja
- 2013: Il Divo
- 2013: Ed Gagné
- 2013: Ingrid Olava og Thom Hell (på TV-programmet Trygdekontoret)
- 2013: Malena Ernman
- 2014: Dennie Damaro
- 2014: Dee Daniels
- 2015: Josh Groban
- 2016: Michael Ball & Alfie Boe
- 2016: Marvin Moran
- 2016: Trisha Yearwood
- 2017: Dropkick Murphys
Instrumentale versjonar
endre- 1951: Cy Walter
- 1958: Cecil Lloyd
- 1958: Nina Simone
- 1960: Liberace
- 1963: Gene Ammons
- 1965: Roger Williams
- 1967: Ace Cannon
- 1968: Johnny Hammond Smith
- 1975: Duke Grant
- 1990: The Shadows
- 1995: Royal Liverpool Philharmonic Orchestra dirigert av Carl Davis
- 2004: Silver, Wood & Ivory
- 2009: Michael Hirte
Andre språk
endreNorsk
endreKjell Skyllstad har skrive ein norsk tekst, kalla «Du skal aldri ensom gå». Denne vart spelt inn av Adventkoret, dirigert av Bjørn Keyn og med Skyllstad ved flygelet. Songen vart gjeven ut på 78-plata Harmoni 346 i 1957.
Italiensk
endreBiri skreiv ein italiensk tekst til songen kalla «Un momento ancora». Denne vart framført av Richard Anthony con orchestra i 1964.
Fransk
endreEin fransk versjon vart skriven av Jean-Claude Annoux og kalla «Rien que toi». Denne er framført av fleire artistar.
- 1964: Richard Anthony
- 1964: Dick Rivers
- 1964: Vic Laurens
- 1965: Danny Aumont
Nederlandsk
endreEin nederlandsk versjon vart skriven av Jelle de Vries og kalla «Niet alleen». Denne vart framført av Corry Brokken i 1968. Ein annan nederlandsk versjon vart skriven av Paula Patricio og kalla «Dan sta je nooit alleen». Denne versjonen vart framført av Astrid Nijgh i 1997.
Tysk
endreJules Verard skreiv ein tysk versjon kalla «Allein bist du nie». Denne vart framført av «Howard Carpendale» i 1974, og sidan av Heino.
Ein tysk versjon vart òg spelt inn av Bela B. & The Tikiwolves med Gary'o'wolf.
Tsjekkisk
endreEin tsjekkisk versjon vart skriven av Zdeněk Borovec og kalla «Nikdy Nejdeš Sám». Denne vart først framført av Jiří Popper i 1965 og sidan av Karel Gott i 1975.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «You'll Never Walk Alone» frå Wikipedia på engelsk, den 6. desember 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «You'll Never Walk Alone (original versjon 1945)». Youtube. Henta 5. desember 2016.
- ↑ Gilliland, John (1969). «Show 3 - The Tribal Drum: The rise of rhythm and blues. [Part 1]» (audio). Pop Chronicles. Digital.library.unt.edu.
- ↑ «Milestones: Retiring: Jerry Lewis», Time magazine, May 30, 2011, s. 17
- ↑ Intervju med Tom Browne for BBC Radio One, broadcast Christmas Eve and Boxing Day 1977
- ↑ DVD is not dated
- ↑ Streisand's stage fright spiked with thought of terror, By Edna Gundersen, USA Today, 12. desember 2001
- ↑ Video på YouTube
- ↑ Gallo, Phil (18. januar 2009). «We Are One: The Obama Inaugural Celebration». Variety. RBI. Henta 5. desember 2016.
- ↑ Gerry and the Pacemakers diary, arkivert frå originalen 23. august 2018, henta 6. desember 2016
- ↑ Nik Brumsack. The story of 'You'll Never Walk Alone', independent.co.uk, 14. april 2014.
- ↑ Liverpool vs. Leeds United på YouTube, F.A. Cup Final, BBC, 1965.Paul Coslett, You'll Never Walk Alone BBC Online. 9. juni 2008.
- ↑ Smith, Tommy. Anfield Iron, Bantam Press, s. 68-69
- ↑ 13,0 13,1 Hart, Simon (25 October 2013). «Anfield’s 50 years of never walking alone». The Independent. Henta 5. desember 2016.
- ↑ Bill Shankly, Desert island Discs BBC, Mon 26. april 1965.
- ↑ Aldred, Jessica. Liverpool or Celtic: who Walked Alone first? The Guardian. 12. mars 2003.
- ↑ Whyatt, Chris. McClaren's new charges BBC. 13. august 2008.
- ↑ Bela B. & The Tikiwolves feat. Gary 'O' Wolf: You'll Never Walk Alone (FC St. Pauli hymn) på Discogs (liste over utgjevingar)
- ↑ Nagatomo tells Japan «You'll never walk alone», The mainichi Daily News. March 2011.
- ↑ «You´ll never walk alone» in Anxo Carro. Punto Pelota TV Programm