Vals
- For maskindelen, sjå valse. For staden, sjå Vals i Sveits.
Vals er ein pardans og ei musikkform som går i 3/4-takt (tung-lett-lett), også kjend som valsetakt. Han oppstod i Austerrike på 1700-talet med grunnlag i den mellomeuropeiske folkedansen ländler. Rundt 1800 spreidde valsen seg til resten av Europa og andre delar av verda. Som «tett» pardans opna han ein ny epoke for selskapsdans.
På 1920-talet byrja ei standardisering av dansen som inntil da hadde utvikla seg i forskjellige retningar og fått innverknad frå andre populære dansar. Den moderne valsen var blant anna saktare. Det var spesielt i England den moderne stilen blei forma.
I dag er valsen delt opp i fleire typar, der engelsk vals og wienervals er internasjonale turneringsdansar. Folkedansen vals er også framleis populær.
Innan kunstmusikk er vals særleg brukt av romantiske komponistar som Frédéric Chopin, Franz Liszt og Johann Strauss den yngre.
Kjelder
endre- «Vals» (15. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 19. januar 2015.