Rissa Idrettslag
Rissa Idrettslag er eit norsk idrettslag heimehøyrande i Rissa i Indre Fosen kommune. Laget vart stifta 20. februar 1920 og er i dag aktivt med i fotball, handball og turn.[1]
Rissa Idrettslag | |||
Skipa | 20. februar 1920 | ||
---|---|---|---|
Heimebane | Langsand Stadion | ||
Land | Noreg | ||
By | Rissa | ||
Stad | Indre Fosen kommune | ||
|
Friidrettsutøvaren Kari Hatlen vann bronsemedaljen i høgdehopp under NM i friidrett 1951. Hennar samtidige idrettsutøvar Audun Boysen var opphavleg medlem i Rissa IL, men var innmeldt i andre idrettslag då han sanka medaljar og triumfar på friidrettsbana.
Kjelder
endre- ↑ «Rissa Idrettslag » Om oss», www.rissail.no, henta 28. mai 2024