Njord
Njord (norrønt Njǫrðr, kanskje frå urnordisk Nerthuz) er havguden i norrøn gudetru. Han rår over vindane og rikdommen i havet, og kan stilla storm og sløkka eld. Han er guden ein kan blota til for for lukkeleg seilas, godt fiske, jaktlukke, for rikdom og lausøyre. Njord var ein viktig gud som ein finn spor av i ei rekke stadnamn i Skandinavia.
Guden er kjend som far til Frøy og Frøya, anten med si eiga søster, som også kan ha blitt kalla Njord, eller med seg sjølv som tvekjønna. Han er også kjend for eit kortvarig ekteskap med jotunkvinna Skade, som feila fordi han føretrekte havet medan ho lengta til fjellheimen til far sin.
Njord var av vaneslekt og budde opphavleg i Vanaheim. Som del av fredspakta med æsene etter Vanekrigen kom han til æsene, der han blei rekna som ein av dei høgaste. Han budde i Noatun (Nóatún, som betyr 'skipstun', altså 'hamn'), ved sjøen.
Njord i stadnamn
endreEi rekke stader i Noreg har namn som truleg kjem frå guden Njord, og tyder på omfattande dyrking i Norden. Ein finn Njord-namn særleg på stader der sjørfart og fiske var viktig, som ved Mälaren i Sverige, ved Oslofjorden og på Vestlandet i Noreg.
Dei fleste namna er avleia av den norrøne genitivsforma Njarðar som kan ha blitt til Njær-, Nær- eller Norder- på moderne norsk. Namn som opphavleg hadde kortforma Njarð- kan òg ha eit anna opphav enn Njord.
Namn | Forklaring | Bruk |
---|---|---|
Njarð(ar)heimr | 'Njord sin heim' | Njærheim i Nærbø på Jæren[1], gardar i Rygge, Suldal (2), Tanum, Tresfjord og Ølen. |
Njarðarhof | 'Njord sitt hov' | Norderhov i Ringerike, ein gard i Løten |
Njarðarhóll | 'Njord sin haug' | Gard på Lade. |
Njarð(ar)land | 'Njord sitt land' | Nærland i Nærbø på Jæren, gardar i Hesby, Masfjorden og Vistdalen. |
Njarðarlog | 'Njord sitt område' | Njardarlog var tidlegare namnet på Tysnes i Hordaland |
Njarð(ar)vík | 'Njord si vik' | Gardar i Bru, Edøy, Orkdal og Ølen. |
Njarðarvin | 'Njord si eng' | Gard i Fet. |
Njarð(ar)øy | 'Njord si øy' | Nærøy kommune i Trøndelag, Nærøy sokn og Nærøyfjorden i Aurland i Sogn, gardar i Hemne, Herøy og Øksnes. |
Bruk i nyare tid
endreNjordfeltet er eit olje- og gassfelt i Norskehavet, om lag 130 km nordvest for Kristiansund.
I innlandet i Sør-Varanger i dagens Finnmark er det eit område som heiter Noatun.
Kjelder
endre- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen «Njord» frå Wikipedia på bokmål.
- Encyclopædica Britannica: «Njord»
Referanser
endre- ↑ Njærheim kyrkjegard Arkivert 2005-08-02 ved Wayback Machine. på fornminner.no