Nils Tveranger
Nils Gregoriussen Tveranger (27. februar 1874–13. juli 1953) frå Solund var skomakar i Aurland.
Nils Tveranger | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 27. februar 1874 Solund kommune |
Død | |
Yrke | skomakar |
Som 20-åring i 1894 kom han til Aurland etter ei reise til USA. Han starta då med skoproduksjon etter den amerikanske modellen for mokasinar, som i Noreg går under namnet aurlandsko.
Tveranger hadde 15 personar i arbeid i verkstaden. På det meste gav produksjonen av Aurlandsskoen arbeid til 90 personar.
Kjelder
endre- «Nils Gregoriussen Tveranger» på NRK Sogn og Fjordane fylkesleksikon