Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Martin Schmitt (fødd 29. januar 1978) er ein tysk skihoppar.

Martin Schmitt


Statsborgarskap Tyskland
Fødd 19. januar 1978 (46 år)
Villingen-Schwenningen
Idrett skihopping
Tok del i Skihopping under Vinter-OL 2006, Skihopping under Vinter-OL 1998 – Laghopp, Skihopping under Vinter-OL 2002 – Laghopp, Skihopp under Vinter-OL 2010 – Lag
Utmerkingar Baden-Württembergs fortjenstorden, Sportler des Jahres

Schmitt kjempa i den ypparste verdstoppen i åra 1999 til 2001. Med sine 28 verdscupsigrar ligg han på 5. plass på statistikken, etter Matti Nykänen (48 sigrar), Jens Weissflog (33), Adam Małysz (33) og Janne Ahonen (32).

Schmitt har totalt vunne åtte medaljar i ski-VM (fire gull), han har gull og sølv frå OL, samt ei sølvmedalje frå VM i skiflyging. Den fyrste meisterskapsmedalja kom i Trondheim, då han fekk bronsemedalje i laghoppinga under VM 1997.

Schmitt har vunne verdscupen samanlagt to gonger, i sesongane 1998/1999 og 1999/2000.

Saman med Sven Hannawald utgjorde han ein frykta duo i lagkonkurransar, og vann med det tyske hopplaget tre VM-gull. Ei kneskade etter OL i 2002 sette ein stoppar for framgangen. Schmitt fekk problem med finaleomgangar i renn han vanlegvis vann.

Schmitt kom tilbake i verdscupen i 2004, og har sidan då ein femteplass som beste prestasjon.

Han er bror av kombinertløparen Thorsten Schmitt.

Kjelder

endre