Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Mann

voksent menneske av hannkjønn
«Mannfolk» omdirigerer hit. For romanen, sjå romanen Mannfolk.

Ein mann er eit kjønnsmoge menneske av hankjønn.[1]

Teikning av mann frå Pioneer-plaketten utsend i verdsrommet.

Menn skil seg frå kvinnene ved at dei har eitt x-kromosom og eitt y-kromosom medan kvinnene har to x-kromosom.[2] Kjønnsorgana hjå mannen er for ein store del ytre. Penis og testiklane heng ut frå resten av kroppen.[3] Ein mann kan ikkje føda barn, men kan gjera ei kvinne gravid ved samleie.[4]

Trass i at det vert fødd fleire gutar enn jenter i Noreg (i tilhøvet 1:1,06), så er det flest kvinner mellom vaksne menneske. Gutar og menn i alle aldrar har høgare dødsrate og norske kvinner lever i gjennomsnitt fire år lengre enn menn.[5]

Referansar

endre
  1. «Nynorskordboka». Henta 21. mars 2021. 
  2. Børresen-Dale, Anne-Lise; Heiberg, Arvid. «Kromosomer i Store medisinske leksikon på snl.no». Henta 21. mars 2021. 
  3. Holck, Per. «Kjønnsorganene i Store medisinske leksikon på snl.no». Henta 21. mars 2021. 
  4. Nesheim, Britt-Ingjerd:. «Befruktning hos mennesket i Store medisinske leksikon på snl.no.». Henta 21. mars 2021. 
  5. «Forskning.no». Henta 21. mars 2021. 

Bakgrunnsstoff

endre
Wikifrasar  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Mann
Spire  Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.