Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Mandolin er eit strengeinstrument som ein spelar ved å klimpra. Dei fleste mandolinar har 8 strengar. Desse er plassert saman i unisont stemde par og dannar 4 strengepar, og desse er stemde i kvintar som ein fiolin (GG-DD-AA-EE frå lågast til høgast). Til forskjell frå fiolinen er gripebrett på mandolinen utstyrt med band som strengane vert trykte ned mot for å danna tonar, og mandolinen vert normalt spela med plekter.

Mandolin

Klassifiseringluttinstrument med rund kropp og hals spelte med plekter
Hornbostel-Sachs klassifisering321.321-6

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Mandolin
Spire  Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.