Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

For øya Man i Irskesjøen, sjå øya Man.

Ei man er den hårmanken hestar, sebraer og enkelte andre dyr har langs nakken. Ho er laga av lange, ganske grove fiber, hestehår, som ein også finn i halen til hesten.

Hest med man.

Enkelte maner kan ha ein ål — ei lys stripe på kvar side av den mørkare hovuddelen. Dette gjeld særleg przewalskihesten og den vestnorske fjordingen.

Hestehår blir brukt som den delen ein stryk på strengane med i boge for strykeinstument. Det blir også brukt til å laga stoff, særleg fint møbelstoff.

Spire  Denne landbruksartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.