Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Månad er ei tidseining mellom veke og år. I dei fleste kalendersystema varer ein månad om lag så lenge som ein månesyklus — derav namnet.

Månen har gjeve namn og omtrentleg lengd til tidseininga månad.

Månadstypar

endre

Borgarleg månad eller kalendermånad

endre

Observasjonsbasert astronomisk månad

endre

I samaritansk religion, karaisme og islam blir kvar månad primært rekna frå første dag av observert nymåne.

Justert astronomisk månad

endre

I vanleg (rabbanittisk) jødedom følgjer månadene månefasen, men med mindre justeringar for å unngå uheldige kombinasjonar av sjabbát og heilagdagar. Månadslengda er 29 eller 30 dagar. Kalenderen er utrekna på grunnlag av astronomiske data.

Standardisert solår-basert lunær månad

endre

I dei julianske og gregorianske kalendrane er månadene ikkje direkte grunna på månefasar, men på ei fast inndeling av solåret i tolv om lag jamlange månader som kvar varar i 28 til 31 dagar.

Ikkje-lunære månadssystem

endre

Bahaikalenderen deler året inn i 19 månader som kvar inneheld 19 dagar, med fire til fem skotdagar på slutten av kvart år.

Astronomiske definisjonar

endre

Anomalistisk månad

endre

Tida mellom to påfølgjande passasjar av månen gjennom perigeum til månen, som er det punktet då månen er nærast jorda. Denne lengda er 27 dagar, 13 timar, 18 minutt og 33 sekund.

Drakonisk månad

endre

Syner til passasje gjennom den oppstigande knuten til månebanen. Denne tida er 27 dagar, 5 timar, 5 minutt og 36 sekund.

Siderisk månad

endre

Ein siderisk månad er tida det tar for passasjen til månen gjennom timesirkelen til ei stjerne, som er eit fast punkt på himmelen. Denne tida tar 27 dagar, 7 timar, 43 minutt og 12 sekund.

Synodisk månad

endre

Ein synodisk månad er tida for fasevekslinga til månen eller omlaupstida til månen i forhold til timesirkelen gjennom sola. Denne tida er 29 dagar, 12 timar, 44 minutt og 3 sekund.

Tropisk månad

endre

Ein tropisk månad er tida mellom to påfølgjande passasjar av månen gjennom timesirkelen til vårjamdøgnspunktet. Denne tida er 27 dagar, 7 timar, 43 minutt og 5 sekund.

Sjå òg

endre