Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Jonathan Swift

britisk poet og skribent

Jonathan Swift (30. november 166719. oktober 1745) var ein engelsk-irsk forfattar, kjend for verk som Gullivers reiser (Gulliver’s travels), 1726, A modest proposal, 1729, og A Tale of a Tub, 1704. Swift er ein av dei fremste satiriske prosaistane i det engelske språket, sjølv om han også er kjend for å skriva poesi og essay. Han frykta represaliar for skriftene sine, og publiserte dei enten under pseudonym eller anonymt.

Jonathan Swift

Pseudonym Isaac Bickerstaff, Lemuel Gulliver, M. B. Drapier, Simon Wagstaff
Statsborgarskap Kongeriket Irland
Fødd 30. november 1667
Dublin
Død

19. oktober 1745 (77 år)
Dublin

Yrke lyrikar, romanforfattar, satiriker, filosof, menneskerettsaktivist, pamflettist, anglikansk prest, skribent, science fiction-forfattar, essayist, kommentator, barnebokforfattar, prosaforfatter, offentleg person, prest
Språk engelsk
Politisk parti Torypartiet
Sjanger satire, essay, lignelse, pamflett
Religion Den anglikanske kirke
Far Jonathan Swift
Mor Abigail Erick
Ektefelle Esther Johnson
Signatur
Jonathan Swift på Commons
Signatur

Tidleg liv

endre

Jonathan Swift vart fødd som andre barn og einaste sonen til Jonathan Swift og kona hans Abigail Erick. Han vart fødd sju månader etter at faren døydde. Det er få sikre opplysningar om Swifts tidlege liv, men det er allment anteke at mor hans reiste tilbake til England då han var svært ung og lét Swift vere igjen hos familien på farssida. Det var onkelen Godwin som betala utdanninga hans, og han gjekk på Kilkenny College. Han gjekk på Trinity College i Dublin frå 1682 til 1689, då eit irsk opprør dreiv han tilbake til England.

Bakgrunnsstoff

endre