Hallgeir Brenden
Hallgeir Brenden (10. februar 1929–21. september 2007) var ein norsk langrennsløpar frå Tørberget i Trysil.
Hallgeir Brenden | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 10. februar 1929 Trysil kommune |
Død | 21. september 2007 (78 år) Lillehammer kommune |
Idrett | langrenn, friidrett |
Tok del i | Vinter-OL 1956, Vinter-OL 1952, Langrenn under Vinter-OL 1952 – 18 kilometer menn, Langrenn under Vinter-OL 1956 – 15 kilometer menn, cross-country skiing at the 1952 Winter Olympics – men's 4 × 10 kilometre relay, cross-country skiing at the 1960 Winter Olympics – men's 4 × 10 kilometre relay |
Utmerkingar | Aftenpostens Gullmedalje, Egebergs Ærespris, Fearnleys olympiske ærespris, Holmenkollmedaljen |
Under Vinter-OL 1952 på heimebane i Oslo, vann han olympisk gullmedalje i 18 km langrenn og sølvmedalje i 4 * 10 km stafett. Brenden vann enda ei gullmedalje ved 15 km langrenn i Vinter-OL 1956 og skaffa seg sølvmedalje i 4 x 10 km stafett under Vinter-OL 1960 i Squaw Valley. 3 gonger har Brenden vunne i Holmenkollrenna: 18 km i 1952 og 15 km i 1956 og 1963. Han er den einaste som har vunne 18 km og 15 km i både vinter-OL, verdsmeisterskapen og i Holmenkollen.
I tillegg til langrenn konkurrerte Brenden også i friidrett. Her vart han noregsmeister på 3000 meter hinder både i 1953 og i 1954.
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap
endre- Ski-NM 1951: Gullmedalje på 18 km i Narvik
- Ski-NM 1952: Gullmedalje på 18 km og 30 km i Porsgrunn
- Ski-NM 1953: Gullmedalje på 18 km i Trondheim
- Ski-NM 1955: Gullmedalje på 15 km og sølvmedalje på 30 km på Voss
- Ski-NM 1956: Gullmedalje på 15 km og 30 km i Drammen
- Ski-NM 1958: Sølvmedalje på 18 km og 30 km i Oslo
- Ski-NM 1959: Nr 6 på 50 km i Porsgrunn
- Ski-NM 1960: Gullmedalje på 15 km og bronsemedalje på 30 km i Nedre Eiker
- Ski-NM 1961: Gullmedalje på 30 km på Røros
- Ski-NM 1962: Nr 5 i 15 km i Skien
- Ski-NM 1963: Nr 5 på 30 km i Rælingen
- Ski-NM 1964: Nr 6 på 15 km på Voss
Ymse
endreBrenden mottok Egebergs Ærespris og Morgenbladets gullmedalje i 1952. I 1955 vart Brenden tildelt Holmenkollmedaljen (delt med Kong Haakon VII, Veikko Hakulinen, og Sverre Stenersen). I 1956 vart han tildelt Fearnleys olympiske ærespris. Ein statue av Brenden vart avduka framfor Trysil rådhus den 16. februar 2002. Statuen er laga av bilethoggaren Skule Waksvik.
Bakgrunnsstoff
endre- (en) Hallgeir Brenden – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.
- Vg.no:Hallgeir Brenden er død