Hønefoss
Hønefoss er ein by og administrasjonssenteret i Ringerike kommune i Buskerud. Fram til 1964 var byen òg eigen kommune.
Hønefoss | |||
By | |||
Hønefoss sett frå fly. Til høgre i biletet flyt Randselva saman med Begna og dannar Storelva, like nedom Hønefossen og Hønefoss bru.
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Buskerud | ||
Kommune | Ringerike | ||
Areal | 9,13 km² | ||
Folketal | 16 844 (2023) | ||
Folketettleik | 1 845 / km² | ||
Postnummer | 3501-3519 HØNEFOSS | ||
Innbyggjarnamn | hønefossing | ||
Preposisjon | i (bystatus) Hønefoss | ||
Ferdselsårer | E16 Bergensbanen | ||
Hønefoss 60°09′57″N 10°15′21″E / 60.16592°N 10.25576°E | |||
Wikimedia Commons: Hønefoss |
Hønefoss er ein innlandsby og eit sentralt knutepunkt på Austlandet. Herfrå går mellom anna jarnbane til Bergen, Drammen og Oslo, og til Gjøvik via Roa. Gjennom Hønefoss gjekk dessutan stamvegen (E16) frå Sandvika til Vestlandet via Valdres, og Riksveg 7 til Vestlandet via Hallingdal og Riksveg 35 til Hokksund og Hadeland. Desse vegane går no i hovudsak utanom byensentrum, men Riksveg 35 går framleis gjennom Hønefoss.
Hønefoss fekk bystatus i 1852 og er i dag eit naturleg handelssentrum for follk i kommunane Ringerike, Hole og Jevnaker. Byen ligg som det nordlegate punktet i ein triangel med Drammen i sør og Oslo i søraust.
Det er 16 844 innbyggjarar per 1. januar 2023 i det området som i dag definerast som byen Hønefoss. Dette området er mykje større enn den tidlegare bykommunen.
Kjende personar frå Hønefoss
endre- Emilie Marie Nereng, skribent kjend som bloggaren «Voe»
Sjå òg
endreKjelder
endre
Andre nettstader
endre- Eldre fotografi frå Hønefoss og omegn ca. 1880-1941 på nettstaden til NasjonalbiblioteketDenne geografiartikkelen som har med Buskerud å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.