Glass Spider
Glass Spider Video av David Bowie | ||
Utgjeve | 1988 | |
Innspelt | November 1987[1] | |
Spelestad | Sydney Entertainment Centre | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 1:40:00 | |
Selskap | EMI | |
Produsent | Anthony Eaton | |
David Bowie-kronologi | ||
---|---|---|
Ziggy Stardust and the Spiders from Mars: The Motion Picture (1984) |
Glass Spider | Bowie – The Video Collection (1993)
|
Glass Spider er ein konsertfilm av den engelske songaren David Bowie. Åtte konsertar vart filma dei to første vekene av november 1987 i Sydney Entertainment Centre i Australia den siste månaden av Glass Spider-turneen. Den 86 konsertar lange turneen vitja òg Europa, Nord-Amerika og New Zealand, og marknadsførte albumet Never Let Me Down (1987). Filmen kom opphavleg ut i 1988 på VHS, og vart koreografert av Toni Basil, regissert av David Mallet og produsert av Anthony Eaton. VHS-en vart gjeve ut på MPI Home Video i USA og Video Collection International i Storbritannia.
Filmen syner Bowie og bandet hans, som inkluderte Peter Frampton, og ein dansetrupp på ein scene med det som på den tida vart kalla «det største turnésettet nokon gong».[2] Sjølv om turneen fekk blanda og negativ kritikk på den tida, har kritikarar skrive at turneen endra korleis artistar (som Britney Spears, Madonna og U2) framførte sine eigne turnear.[3] I 2010 kalla ein kritikar Glass Spider-turneen ein av dei «best designa konsertturenane gjennom tidene»,[4] og i 2016 kalla ein annan kritikar videoen for ein av dei beste for fansen som ønskte å sjå Bowie «eit spektakulært rocketeater.»[5]
Ein del av filmen vart sendt på American Broadcasting Company i juni 1988. Heile konsertvideoen vart gjeven ut på DVD i 1999 og igjen i 2007 med ei spesialutgåve, som nådde niandeplassen på UK Video Charts.
Bakgrunn og innspeling
endre- For meir om dette emnet, sjå Glass Spider-turneen.
Glass Spider-turneen var ein verdsturné som gjekk frå mai 1987 for å marknadsføre albumet Never Let Me Down (1987).[6] Turneen hadde store publikumstal[6] og tente godt,[7] men fekk dårleg omtale i musikkpressa på den tida.[6] Det var den første turneen hans sidan Serious Moonlight-turneen i 1983 og Bowie såg det som ein sjanse til å gå attende til teatralske konsertar, slik han hadde gjort i 1974 under Diamond Dogs-turneen.[8] Som følgje av dette omfatta turneen dansarar, musikk og multimediaelement som projeksjonar og rekvisittar.[9] Sjølve kulissane var designa som ein enorm edderkopp som stod 18 meter over scenen og vart skildra som «dei største turnékulissane nokon gong» på den tida.[2][10] Dansinga vart koreografert av Toni Basil, og Peter Frampton spelte gitar.[11] Charlie Sexton var gjesteartist på vokal og gitar på videoen.[12]
Før turneen sa Bowie at han ikkje hadde planar om å gje ut eit konsertalbum frå turneen,[13] men trass i dette, spelte regissøren David Mallet inn åtte konsertar på nesten to veker i Sydney i Australia heilt mot slutten av turneen. I notata for videoen står det at filmen hovudskleg kjem frå 7. og 9. november 1987, med somme klipp frå andre kveldar,[1] sjølv om Bowie-biografen Nicholas Pegg hevdar at dei fleste filmklippa er frå konserten 6. november.[5] Eit typisk show varte over to timar med kring 26 songar,[11] men videoen har ei lengd på under to timar og inneheld bere kring 20 songar. Ei spesialutgåve i 2007 inkluderer ein CD med heile konserten framført i Montreal i Canada den 30. august 1987, men filmen er den same.[5] Turneen og konsertfilmen er kalla opp etter songen «Glass Spider» frå albumet.[14]
Utgjeving
endreFilmen kom ut på VHS i 1988 på MPI Home Video i USA[15] og Video Collection International i Storbritannia.[16] I somme regionar vart han gjeve ut på to videokassettar med ti songar kvar, før ei samling frå 1990 kombinerte dei to til ein enkel video.[5] VHS-utgåva varer kring 110 minutt.[17] I 1999 vart det gjeve ut ein «halvoffisiell» DVD av konserten i Asia.[5]
Ei forkorta utgåve på ein time vart sendt på amerikansk fjernsyn tidleg i juni 1988 på American Broadcasting Company-tilknytte stasjonar.[11][18]
Videoen kom ut på DVD i 2007. Den vanlege DVD-utgåva inneheldt den same konserten som VHS-utgåva, medan spesialutgåva kom med eit dobbelt konsertalbum frå den same turneen, spelt inn på Montreal Olympic Stadium den 30. august 1987. 2007-utgåva var opphavleg planlagt å inkludere eit konsertopptak av songen «Glass Spider» frå Wien den 1. juli 1987.[17]
DVD-en inkluderer stereo, Dolby Digital 5.1 og DTS 5.1-lyd og presenterer videoen i det originale 1.33:1-formatet.[19][20] Ein fil i lydmiksen på denne DVD-en gjer at mykje av gitaren til Peter Frampton berre så vidt er mogeleg å høyre. Pegg meinte at på grunn av dette, og sjølv om biletkvaliteten er langt betre, er den originale VHS-utgåva eller DVD-utgåva frå 1999 å føretrekke på grunn av betre lyd.[5]
Mottaking
endreMeldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMovie | [21] |
AllMusic | [20] |
People | B+[22] |
PopMatters (2007 re-release) | [23] |
Record Collector | Oppgje ein rating.[24] |
Den originale heimevideoen frå 1988 fekk positive meldingar frå publikasjonar som Variety, Houston Post og Toronto Star.[25] Chicago Tribune sa at videoen «syner all spaninga, opptoget og musikken» frå ein av dei «mest visuelt oppslukande» konsertane frå 1987.[26] AllMusic kalla utgjevinga «glimrande» og meinte at dei «slåande» konsertutgåvene ofte er like bra som studioinnspelingane.[20] Somme kritikarar var meir lunkne, som The Boston Globe, som meinte at «det er rett og slett for mykje å fordøye.»[25] Los Angeles Times var mest negativ til den 1-timar lange konseren på ABC, og kalla han «overraskande tam» og scenen for «dum.»[27]
Pegg sa at konsertfilen var «særs fornøyeleg» trass i manglane i showet, og med mindre det kom videoar frå Diamond Dogs-turneen frå 1974 eller Sound+Vision-turneen frå 1990, så «leiar denne feltet for dei som ynskjer å sjå David Bowie lever eit spektakulært rocketeater.»[5]
Innhald
endreAlle songane skrivne av David Bowie, utanom der andre er nemnde.[15][28][29][30][31] Sjølv om dei ikkje er nemnde i omslaget, inneheld den originale VHS-utgåva den same «Intro/Up the Hill Backwards» og bandintroduksjonen som DVD-utgåva.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Glass Spider» | ||
2. | «Day-In Day-Out» | ||
3. | «Bang Bang» | Iggy Pop, Ivan Kral | |
4. | «Absolute Beginners» | ||
5. | «Loving the Alien» | ||
6. | «China Girl» | Bowie, Pop | |
7. | «Rebel Rebel» | ||
8. | «Fashion» | ||
9. | «Never Let Me Down» | Bowie, Carlos Alomar | |
10. | ««"Heroes"»» | Bowie, Brian Eno | |
11. | «Sons of the Silent Age» | ||
12. | «Young Americans/Band Introduction» | ||
13. | «The Jean Genie» | ||
14. | «Let's Dance» | ||
15. | «Time» | ||
16. | «Fame» | Bowie, John Lennon, Alomar | |
17. | «Blue Jean» | ||
18. | «I Wanna Be Your Dog» | Dave Alexander, Ron Asheton, Scott Asheton, Pop | |
19. | «White Light/White Heat» | Lou Reed | |
20. | «Modern Love» |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Intro/Up the Hill Backwards» | |
2. | «Glass Spider» | |
3. | «Day-In Day-Out» | |
4. | «Bang Bang» | |
5. | «Absolute Beginners» | |
6. | «Loving the Alien» | |
7. | «China Girl» | |
8. | «Rebel Rebel» | |
9. | «Fashion» | |
10. | «Never Let Me Down» | |
11. | ««Heroes»» | |
12. | «Sons of the Silent Age» | |
13. | «Band Introduction» | |
14. | «Young Americans» | |
15. | «The Jean Genie» | |
16. | «Let's Dance» | |
17. | «Time» | |
18. | «Fame» | |
19. | «Blue Jean» | |
20. | «I Wanna Be Your Dog» | |
21. | «White Light/White Heat» | |
22. | «Modern Love» |
Spesialutgåve - CD - 2007
endreNr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Up the Hill Backwards» | 3:51 |
2. | «Glass Spider» | 5:55 |
3. | «Day-In Day-Out» | 4:34 |
4. | «Bang Bang» | 4:02 |
5. | «Absolute Beginners» | 7:08 |
6. | «Loving the Alien» | 7:14 |
7. | «China Girl» | 4:55 |
8. | «Rebel Rebel» | 3:30 |
9. | «Fashion» | 5:04 |
10. | «Scary Monsters (And Super Creeps)» | 4:52 |
11. | «All the Madmen» | 6:39 |
12. | «Never Let Me Down» | 3:56 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Big Brother» | 4:47 |
2. | «'87 And Cry» | 4:07 |
3. | ««Heroes»» | 5:10 |
4. | «Sons of the Silent Age» | 3:10 |
5. | «Time Will Crawl/Band Introduction» | 5:23 |
6. | «Young Americans» | 5:06 |
7. | «Beat of Your Drum» | 4:37 |
8. | «The Jean Genie» | 5:23 |
9. | «Let's Dance» | 5:01 |
10. | «Fame» | 7:05 |
11. | «Time» | 5:11 |
12. | «Blue Jean» | 3:26 |
13. | «Modern Love» | 4:53 |
Medverkande
endreHenta frå omslaget til Glass Spider.[32]
Musikarar
- David Bowie – solovokal, gitar
- Carlos Alomar – gitar, korvokal
- Alan Childs – trommer
- Richard Cottle – klaverinstrument, saksofon, tamburin, korvokal
- Peter Frampton – gitar, vokal
- Erdal Kızılçay – klaverinstrument, trompet, conga, fiolin, korvokal
- Carmine Rojas – bassgitar
- Charlie Sexton – gitar, korvokal
Dansarar
endre- Melissa Hurley
- Viktor Manoel
- Constance Marie
- Stephen Nichols
- Craig Allen Rothwell («Spazz Attack»)
Produksjon
endre- David Mallet – filmregissør
- Anthony Eaton – filmprodusent
- Toni Basil – koreografi
- David Richards – lydmiksing
- Mark Ravitz – scenografi
- Allen Branton – lysdesign
Salslister
endre2007-utgåva nådde niandeplassen på UK Video Charts.[5]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Glass Spider» frå Wikipedia på engelsk, den 11. september 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Pegg, Nicholas (2016). The Complete David Bowie New Edition: Expanded and Updated. London: Titan Books. ISBN 9781785655333.
- ↑ 1,0 1,1 Sinclair, Paul (6. februar 2013). «Record Collector: David Bowie / Never Let Me Down (1987)». SuperDeluxeEdition.com. Henta 27. juni 2013.
- ↑ 2,0 2,1 David Bowie Glass Spider-turneen (News report, New Jersey 1987).
- ↑ Youngs, Ian (13. august 2009). «Stadium rock, from Beatles to Bono». BBC News. Henta 6. november 2017.
- ↑ Sandberg, Marian (1. august 2010). «David Bowie Glass Spider (1987) – Top Concert Tour Design of all time». Live Design. Arkivert frå originalen 26. mai 2011. Henta 11. september 2021.
- ↑ 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 5,6 5,7 Pegg 2016, s. 643.
- ↑ 6,0 6,1 6,2 Currie, David (1987). David Bowie: Glass Idol (1st utg.). London and Margate, England: Omnibus Press. ISBN 0-7119-1182-7.
- ↑ Wyman, Bill (6. september 1991). «The Man Who Fell to Earth». Entertainment Weekly. Arkivert frå originalen 3. juli 2014. Henta 8. januar 2013.
- ↑ Morse, Steve (July–August 1987). «David Bowie (Cover Story)». In Fashion Magazine 3 (10): 151, 153.
- ↑ West, Corinthia; Stoute, Lenny (1987). «A Feast Unknown». Rock Express.
- ↑ Pareles, Jon (2. august 1987). «Bowie Creates a Spectacle». The New York Times. Henta 11. september 2021.
- ↑ 11,0 11,1 11,2 O'Connor, John (3. juni 1988). «TV Weekend; 'David Bowie: Glass Spider-turneen'». The New York Times. Henta 28. september 2017.
- ↑ Pegg 2016, s. 586.
- ↑ The Glass Spider-turneen Press Conferences (London) (vinyl). 20. mars 1987.
- ↑ The Glass Spider-turneen Press Conferences (Sydney) (vinyl). 27. oktober 1987.
- ↑ 15,0 15,1 Glass Spider (Liner notes). EMI (Barcode: 030306009636). 1988.
- ↑ Glass Spider (Liner notes). Video Collection International (Barcode: 5 014138 040437). 1988.
- ↑ 17,0 17,1 «EMI to Release Glass Spider DVD». David Bowie Official Website. 18. juli 2006. Arkivert frå originalen 7. oktober 2013. Henta 11. september 2021.
- ↑ «Special: David Bowie: Glass Spider-turneen». TV Guide. 1987.
- ↑ Jacobson, Colin. «David Bowie Glass Spider (1987)». Henta 11. september 2021.
- ↑ 20,0 20,1 20,2 Thompson, Dave. Glass Spider på Allmusic
- ↑ Barber, Sally. «David Bowie: The Glass Spider-turneen (1987)». Henta 11. september 2021.
- ↑ Jarvis, Jeff (6. juni 1988). «Picks and Pans Review: David Bowie: Glass Spider». People. Arkivert frå originalen 10. juni 2015. Henta 11. september 2021.
- ↑ O'Neil, Tim (27. august 2007). «David Bowie: Glass Spider-turneen (Special Edition DVD)». PopMatters. Henta 11. september 2021.
- ↑ Draper, Jason. «David Bowie: Glass Spider (review)». Record Collector. Henta 29. september 2017.
- ↑ 25,0 25,1 «MPI: David Bowie Glass Spider Promotional Flier» 1988, MPI Home Video
- ↑ Van Matre, Lynn (21. august 1988). ««Spider» Tour Spins a Web». Chicago Tribune. Henta 11. september 2021.
- ↑ Willman, Chris (3. juni 1988). «TV Review : 'Glass Spider': A Glitzy Special From David Bowie and Friends». Los Angeles Times. Henta 26. juni 2013.
- ↑ Glass Spider (Liner notes). EMI (Barcode: 4011778979524). 1999.
- ↑ Glass Spider (Liner notes). EMI (Barcode: 0094639126293). 2007.
- ↑ Glass Spider (Liner notes). EMI (Barcode: 0094639126224). 2007.
- ↑ Glass Spider (Liner notes). EMI (Barcode: 0094639126323). 2007.
- ↑ Glass Spider (DVD booklet). David Bowie. EMI America Records (Barcode: 0094639100224). 2007.