Evald
mannsnamn
Evald og Ewald er mannsnamn av gammalhøgtysk opphav. Evald har norsk og svensk namnedag den 3. oktober.
Namnet er sett saman av dei gammalhøgtyske ewa, som tyder 'lov, orden', og walt, 'herskar'. Walt svarer til norrønt valdr.
Namneberarar
endre- Evald Rygh (1842–1913), norsk politikar
- Evald Tang Kristensen (1843–1929), dansk folkeminnesamlar
- Bror Per Evald Lidén (1862–1939), svensk språkforskar kjend som Evald Lidén
- Ewald Theodor Alfred Bosse (1880–1956), norsk sosiolog
- Heinrich Ewald von Kleist-Schmenzin (1890–1945), tysk offiser, deltok i komplott mot Hitler
- Evald Hansen (1916–1943), norsk sjømann og motstandsmann
- Ewald-Heinrich von Kleist-Schmenzin (f. 1922), tysk offiser og forlagseigar, også kjend som Ewald von Kleist
Kjelder
endre- «Evald» i Store norske leksikon, snl.no.