Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Argeș

(Omdirigert frå Argeş)

Argeș (ungarsk Argyas) er ei elv sør i Romania. Ho startar der elvane Buda og Capra renn saman i Făgărașfjella i Dei sørlege Karpatane og munnar ut i Donau ved Oltenița.

Argeș
elv
Argeș i Mihăilești-Cornetu
Land  Romania
Nedslagsfelt 12 600 km²
Renn gjennom Curtea de Argeș, Pitești, Oltenița
Lengd 350 km
Middelvassføring 73 /s
Kjelde Făgărașfjella, der elvane Buda og Capra renn saman nær Arefu
 •  høgd 2 030 moh.
Munning Donau ved Oltenița
Kart
Argeș
45°21′53″N 24°37′49″E / 45.3647°N 24.6304°E / 45.3647; 24.6304
Argeș i Romania
Argeș i Romania
Argeș i Romania
Wikimedia Commons: Argeș River

Den største byen langs Argeș er Pitești. Det er bygd ei demning over elva som har skapt innsjøen Vidraru.

Elva har gjeve namn til Argeș fylke.

Byar og landsbyar

endre

Av byar og landsbyar langs med elva finn ein frå kjelda til munningen Căpățânenii Ungureni, Căpățânenii Pământeni, Arefu, Poienarii de Argeș, Corbeni, Rotunda, Albeștii de Argeș, Curtea de Argeș, Băiculești, Merișani, Bascov, Pitești, Găești, Bolintin-Deal, Adunații-Copăceni og Oltenița.

Kjelder

endre