Ali ibn Abi Talib
Ali bin Abu Talib var kalif over den muslimske verda på 600-talet. Han etterfølgde kalif Uthman som vart drepen i 656. Ali bin Abu Talib var svigerson og nær slektning av profeten Muhammed. Kalifatet hans vart utfordra av omajadekalifen Muawiya I, dei kom fram til eit forlik i 657 som innebar at Muawiya vart kalif i røynda medan Ali bin Abu Talib vart verande kalif i namnet. Ali vart drepen i konfliktene som følgde av forliket. Tilhengjarane av Ali er opphavet til dagens sjiamuslimar.
Ali ibn Abi Talib | |
Framstilling av at Ali blir utnemnd til etterfølgjar ved Ghadir Khumm, i ein illustrasjon frå 1307 eller 1308. | |
Statsborgarskap | Rashidun-kalifatet |
Fødd | 17. mars 599 Mekka |
Død |
29. januar 661 (61 år) |
Yrke | statsmann, kadi, faqih, muhaddith, mufassir, dommar, lyrikar, kalif |
Språk | arabisk |
Religion | Islam |
Far | Abu Talib ibn ‘Abd al-Muttalib |
Mor | Fatimah bint Asad |
Ektefelle | Fatima az-Zahra, Umm ul-Banin, Umamah bint Zainab, Asma bint Umays, Khawla al-Hanafiyya, Layla bint Mas'ud, Al-Sahba bint Rabi'a, Q61358382 |
Ali ibn Abi Talib på Commons |
Kjelder
endre- Amidu A.A. (2005). Leksjon 3. For intern bruk i Afrikastudier Modul C ved NTNU.