1714
år
1714 (romartal MDCCXIV) var eit normalår som byrja på ein måndag i den gregorianske kalenderen og eit normalår som byrja på ein torsdag i den julianske kalenderen. Året markerte slutten på den verdsomspennande spanske arvefølgjekrigen, men i Finland byja den store ufreden då landet blei invadert av Tsar-Russland. I Storbritannia enda Stuart-dynastiet med dronning Anne, og det hannoveranske monarkiet tok til.
1712 | 1713 | 1714 | 1715 | 1716 | ||||||||||||||||||||||||||
| ||||||||||||||||||||||||||
| ||||||||||||||||||||||||||
|
Hendingar
endrePågåande konfliktar
endre- Den store nordiske krigen (1700-1721)
- Den spanske arvefølgjekrigen (1701-1714)
Utlandet
endre- 28. februar: Balaji Vishwanath, ein representant for Sjahu av Marathariket, inngjekk ein avtale med dei to mektige Sayyid-brørne i Mogulriket. Marathariket fekk tilbake landområde, fangar og sjølvstyre mot å betala ein årleg tributt.[1]
- 2. mars (19. februar i den julianske kalenderen): Svenskane under Carl Gustaf Armfeldt d.e. blei overvunne av russarane i slaget ved Storkyro i Finland. Heile Finland var no under russisk herredøme. Den store ufreden, som kom til å vara fram til 1721, var i gang.
- 7. mars: Den spanske arvefølgjekrigen. Krigen mellom Frankrike og Austerrike enda offisielt med fredsavtalen i Rastatt.
- Juli: Med Longitude Act skipa Det britiske parlamentet kommisjonen Board of Longitude og utlova ei stor belønning for den som kunne finna ein praktisk måte å bestemma lengdegrada til eit skip på.
- 13. juli: Grunnlegginga av visekongedømet Brasil.[2]
- 23. juli (29. juni etter juliansk kalender): St. Olafs slott ved Nyslott (Savonlinna) i Finland overgav seg til russarane.
- 27. juli: Slaget ved Hangöudd under Den store nordiske krigen. Den russiske marinen vant sin første viktige siger, mot den svenske marinen.
- 1. august: Dronning Anne av Storbritannia og Irland døydde utan direkte arvingar. Slektningen hennar Georg av Hannover var tidlegare blitt utpeikt av det engelske parlamentet, og han blei den første kongen av Storbritannia.
- 7. august: Helgoland blei ein del av Danmark.[3]
- 7. september: Den spanske arvefølgjekrigen. Freden i Baden enda krigen mellom Frankrike og Det tysk-romerske riket.
- 11. september: Den spanske arvefølgjekrigen. Omleiringa av Barcelona enda med at Barcelona blei teken og Catalonia overgav seg til spanske og franske bourbonstyrkar.
- 12. september: Taninganway Min blei konge av Burma.
- 22. november (11. november etter juliansk kalender): Karl XII av Sverige kom til den blokkerte byen Stralsund etter eit lengre opphald i Det osmanske riket og ei reise gjennom Europa, delvis i forkleding.[4]
- 9. desember: Den osmansk-venetianske krigen (1714–1718). Det osmanske riket erklærte krig mot republikken Venezia.
- 23. desember: Marie Anne de La Trémoille, prinsesse av Ursins og ei mektig spansk hoffdame, blei send i eksil frå Spania etter påtrykk frå Elisabet Farnese, kong Filip V si nye kone.[5]
Ukjend dato:
- Handelsstaden Zumbo blei grunnlagd av portugisarane ved møtepunktet mellom Luangwa og Zambezi i Mosambik.[6]
Noreg
endre- 26. juli–27. juli: Trefninga ved Lindesnes der dansk-norske sjøstridskrefter leia av kapteinløytnant Peter Wessel slost mot svenske marinestyrkar.
Fødde
endre- Sjå òg Fødde i 1714.
- 21. januar: Anna Morandi Manzolini, italiensk anatom
- 8. mars: Carl Philipp Emanuel Bach, tysk komponist
- 12. mai: Johan Daniel Berlin, tysk-norsk musikar og komponist
- 6. juni: José I av Portugal
- 17. juni: César-François Cassini de Thury, fransk astronom og kartograf
- 2. juli: Christoph Willibald Gluck, tysk komponist
- 10. september: Niccolò Jommelli, italiensk toneskapar
Døde
endre- Sjå òg Døde i 1714.
- 4. januar: Atto Melani, italiensk songar
- 14. februar: Maria Lovisa av Savoia, spansk dronning
- 11. mars: Johanna Vergouwen, flamsk målar
- 27. mars: Charlotte Amalie av Hessen-Kassel, dansk-norsk dronning
- 5. mai: Karl av Berry, fransk hertug
- 30. mai: Gottfried Arnold, tysk forfattar
- 8. juni: Kurfyrstinne Sophia av Hannover
- 1. august: Anne av Storbritannia, regjerande drottning av England, Skottland og Irland
Kjelder
endre- ↑ Raghunath Rai, «Maratha Power under the Peshwas», History, s. 6; S.N. Sen, History Modern India, New Age Publishers, s. 11, ISBN 978-81-224-1774-6. Oppgjeve av Fransk Wikipedia.
- ↑ «World Statesmen».
- ↑ «World Statesmen».
- ↑ Christophe Guillaume de Koch; Maximilian Samson Friedrich Schoell (1838), Histoire abrégée des traités de paix 4, Méline, Cans et Cie, s. 215
- ↑ E. Asse: Ursins (Anne-Marie de La Trémoille, princesse des), spalte 815. Oppgjeve av Tysk Wikipedia.
- ↑ Gladys Jamieson (1965), Zambia Contrasts: A Page in the Story of Christian Education in Zambia, London Missionary Society, s. 23
<< 1700 | 1701 | 1702 | 1703 | 1704 | 1705 | 1706 | 1707 | 1708 | 1709 | 1710 | 1711 | 1712 | 1713 | 1714 | 1715 | 1716 | 1717 | 1718 | 1719 | 1720 | 1721 | 1722 | 1723 | 1724 | 1725 | 1726 | 1727 | 1728 | 1729 | 1730 | 1731 | 1732 | 1733 | 1734 | 1735 | 1736 | 1737 | 1738 | 1739 | 1740 | 1741 | 1742 | 1743 | 1744 | 1745 | 1746 | 1747 | 1748 | 1749 | 1750 | 1751 | 1752 | 1753 | 1754 | 1755 | 1756 | 1757 | 1758 | 1759 | 1760 | 1761 | 1762 | 1763 | 1764 | 1765 | 1766 | 1767 | 1768 | 1769 | 1770 | 1771 | 1772 | 1773 | 1774 | 1775 | 1776 | 1777 | 1778 | 1779 | 1780 | 1781 | 1782 | 1783 | 1784 | 1785 | 1786 | 1787 | 1788 | 1789 | 1790 | 1791 | 1792 | 1793 | 1794 | 1795 | 1796 | 1797 | 1798 | 1799 >>