Valmuefamilien
Utsjånad
Valmuefamilien | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrike: | Viridiplantae |
Infrarike: | Streptophyta |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Ranunculales |
Familie: | Valmuefamilien Papaveraceae Juss., 1789 |
Valmuefamilien (Papaveraceae) er ein plantefamilie i ordenen Ranunculales. Han omfattar ca. 200 artar fordelte på 23 planteslekter. Valmueslekta (Papaver) er den absolutt mest utbreidde med ca. 100 artar. Mange artar i familien blir dyrka som hageblomar.
Plantane har omfattande karsystem, og nesten alle artane produserer ein kvit mjølkeaktig, oransje eller gul lateks (plantesaft). Frå opiumsvalmuen (Papaver somniferum) kan ein vinna ut rusmiddelet opium. Blada til plantane er ofte enkle og motstilte. Blomane er ofte opne, lett klokkeforma og har mange frøberarar. Frøa er ofte innsette i kapslar. Nokre artar har ei piggete frukt.
Slekter (genus)
[endre | endre wikiteksten]- Arctomecon – Mojaveørkenen, USA
- Piggvalmueslekta (Argemone) – Amerika, Hawaii
- Bocconia
- Canbya – vestre Nord-Amerika
- Chelidonium – 1 art, svaleurt (Chelidonium majus) i tempererte strøk i den gamle verda, forvilla i Nord-Amerika
- Dendromecon – California, nordvestre Mexico
- Dicranostigma – Himalaya, Kina
- Eomecon – Kina, 1 art
- Californiavalmueslekta (Eschscholzia) – California
- Hornvalmueslekta (Glaucium) – Europa, Afrika, Asia
- Hunnemannia – Mexico, 1 art
- Hylomecon – Mandsjuria, Korea, Japan, 1 art
- Macleaya
- Meconella
- Valmuesysterslekta (Meconopsis) – Europa, Himalaya
- Valmueslekta (Papaver) – Nord-Amerika, Europa, Afrika, Asia
- Platystemon – California, 1 art
- Platystigma – 1 art
- Døgnvalmueslekta (Roemeria)
- Romneya – California, nordvestre Mexico
- Sanguinaria – austre Nord-Amerika, 1 art
- Stylomecon – California, nordvestre Mexico, 1 art
- Stylophorum – Kina, austre Nord-Amerika
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Valmuefamilien» frå Wikipedia på bokmål, den 15. mai 2023.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) valmuefamilien hos Artsdatabanken
- (en) valmuefamilien – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) valmuefamilien i Encyclopedia of Life
- (en) valmuefamilien i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) valmuefamilien hos Dyntaxa
- (en) valmuefamilien hos Fossilworks
- (en) valmuefamilien hos ITIS
- (en) valmuefamilien hos NCBI
- (en) valmuefamilien hos The International Plant Names Index
- (en) valmuefamilien hos Tropicos
- (en) Kategori:Papaveraceae – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons