Vaduz
Vaduz | |||
hovudstad | |||
|
|||
Land | Liechtenstein | ||
---|---|---|---|
Høgd | 445 m | ||
Areal | 17,3 km² | ||
Folketal | 5 668 (30. juni 2019)[1] | ||
Postnummer | 9490 | ||
Retningsnummer | 7001 | ||
Vaduz 47°08′23″N 9°31′19″E / 47.139722222222°N 9.5219444444444°E | |||
Vaduz og eksklavane i Liechtenstein.
| |||
Wikimedia Commons: Vaduz | |||
Nettstad: www.vaduz.li |
Vaduz er hovudstad i fyrstedømet Liechtenstein og sete for nasjonalparlamentet. Byen, som ligg ved Rhinen, har 5 668 (2019) som hovudsakleg er romersk-katolske. Domkyrkja er sete for ein romersk-katolsk erkebiskop.
Sjølv Vaduz er den mest kjende staden i Liechtenstein er han ikkje den største landsbyen i fyrstedømet. Nabokommunen Schaan har litt fleire innbyggjarar.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Vaduz skal visstnok ha vorte nemnd i historiske kjelder på 1100-talet som Farduzes. Han vert derimot rekna for å ha vorte grunnlagd på 1200-talet av grevane av Werdenberg. I 1322 vert det nemnd at det vart bygd ei borg, som vart plyndra av sveitsarane i 1499.
Landemerke
[endre | endre wikiteksten]Det mest kjende landemerke i Vaduz er Schloss Vaduz, residensen til fyrsten av Liechtenstein og fyrstefamilien. Slottet er synleg frå nesten alle stader i Vaduz og ligg på toppen av ein bratt ås i midten av byen.
Museum
[endre | endre wikiteksten]Det nasjonale kunstgalleriet og nasjonalmuseumet ligg i Vaduz. Kunstgalleriet (Kunstmuseum Liechtenstein) inneheld moderne kunst og samtidskunst. Bygget er eit arkitektonisk landemerke bygd av dei sveitsiske arkitektane Morger, Degelo og Kerez. Det stod ferdig i 2000 og dannar ein «svart boks» med farga betong og svart basaltstein. Museumssamlinga er òg den nasjonale kunstsamlinga til Liechtenstein.
Liechtenstein nasjonalmuseum viser ei permanent utstilling av kultur- og naturhistoria til Liechtenstein i tillegg til nokre spesielle utstillingar. Ein finn òg eit frimerkemuseum og eit skimuseum i byen.
Turisme
[endre | endre wikiteksten]Vaduz har ein livleg turistindustri trass i at han er ein av særs få hovudstader i verda utan flyplass eller jernbanestasjon. Den næraste jernbanestasjonen ligg i Sargans i Sveits, om lag 7 km frå Vaduz. Vaduz har derimot eit effektivt bussnettverk som ofte har avgangar til Sargans og Buchs (i Sveits). Mobile turistkontor finn ein i sentrale område gjennom turistsesongen. Byen har ein livleg marknad som sel handlaga suvenirar.
Sport
[endre | endre wikiteksten]FC Vaduz er det lokale fotballaget i Liechtenstein, og både dette og andre lag i landet spelar i den sveitsiske ligaen.
Bilete
[endre | endre wikiteksten]-
Sentrum av Vaduz
-
Kunstmuseum Liechtenstein i Vaduz
-
Utsyn over Vaduz frå slottet.
-
Arkitektur i Vaduz
-
Slottet i Vaduz
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Vaduz» frå Wikipedia på engelsk, den 22. januar 2008.