Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Turkistan oblast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sør-Kasakhstan oblast)
Turkistan
Түркістан
oblast
Symbol
Land  Kasakhstan
Hovudstad Turkestan
Areal 116 902 km²
Folketal 1 929 000 (juni 2018)
Tidssone UTC +6
Postnummer 160000
Kart
Sør-Kasakhstan oblast
43°00′N 68°30′E / 43°N 68.5°E / 43; 68.5
Kart som viser Turkistan oblast.
Kart som viser Turkistan oblast.
Kart som viser Turkistan oblast.
Wikimedia Commons: Turkistan Region

Turkistan, tidlegare Sør-Kasakhstan (kasakhisk Түркістан облысы, tidlegare Оңтүстік Қазақстан облысы Ongtüstik Qazaqstan oblysy), er eit oblast i Kasakhstan. Det er det sørlegaste oblastet i landet og har om lag 2 millionar innbyggjarar.

Hovudstaden i oblastet er Turkestan. Andre byar inkluderer Sajram, Kentau, Arys, Sjardara, Jetisaj, Sarjag'asj og Lenger. I lag med Atyrau oblast er han det minste oblastet i Kasakhstan ut frå areal, som er 116 902 km².

Sør-Kasakhstan grensar til Usbekistan (og ligg svært nær den usbekiske hovudstaden Tasjkent) i tillegg til tre andre kasakhstanske oblast, Karagandy oblast, Kyzylorda oblast og Zjambyl oblast. Syr-Darja renn gjennom oblastet på veg til Aralsjøen. Ein oljerøyrleidning går gjennom oblastet frå Turkmenabat i Turkmenistan til Omsk Russland. I Sjymkent ligg det eit oljeraffineri, samt fabrikkar som handsamar bly og sink.

Sør-Kasakhstan er det tettast folkesette olbastet i Kasakhstan. Ein har betre klimatiske tilhøve, betre tilgang på vatn og betre infrastrutkur her enn i andre delar av landet og mange har busett seg her av den grunn. Han ligg òg nær Tasjkent og Silkevegen.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Turkistan oblast