Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Riksväg 71

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
71

Riksväg 71 i Sverige går på strekninga BorlängeMalungSälenNorskegrensa. På delen Borlänge-Djurås går vegen saman med riksväg 70. Sidan 2008 har vegen vore nasjonal stamveg mellom Malung og Borlänge.

Standard og høgd

[endre | endre wikiteksten]

Vegen er landsväg på heile strekninga, med smale vegkantar. Vegen er Svealands høgstliggande nummerskilta veg med rundt 760 m over havet.

Riksväg 71 vart i 1962 vegnamnet på strekninga (Borlänge–)DjuråsMalung. Samstundes fekk strekninga Malung-Sälen-Särna namnet Länsväg 297. Før det fantest Länsväg 250 KöpingLudvikaBjörboVansbroMalungSälenSärna, samt Länsväg 246 DjuråsBjörbo. Rundt år 2000 vart riksväg 71 forlenga over Sälenfjällen til den norske grensa. Dette strekket var før det sekundär länsväg.

Vegen Djurås-Sälens samhälle følgjer i hovudsak same vegstrekning som på 1940-talet,[1][2] utanom ved Björbo (truleg 1990-tal[1][3]) og Äppelbo (truleg 1980-tal[1][4]). Vegen over Sälenfjällen er bygd på 1960-talet,[5] forutan nærast grensa der vegen er frå rundt 1990[3] Det var heilt veglaust før det vest for Sälens samhälle.

Knutepunkt

[endre | endre wikiteksten]

Dalarnas län

Malung-Sälen kommune
Vansbro kommune
Gagnef kommune
Borlänge kommune
  1. 1,0 1,1 1,2 M vägatlas 2007
  2. Källa KAK:s bilatlas 1946
  3. 3,0 3,1 M vägatlas 1995
  4. M vägatlas 1985
  5. Källa KAK:s bilatlas 1966