Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Riksväg 63

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
63

Riksväg 63 i Sverige går på strekninga Karlstad - Filipstad - Ludvika.

Vegen er skilta mellom Ludvika i nord og Karlstad i sør. Strekninga mellom Ludvika og Kopparberg deler den med Riksväg 50. Vegen er viktig for reiser mellom Värmland/Dalsland og Dalarna/Norrlandskusten. Det er derfor trafikkert av ganske mange lastebilar. Vegen går gjennom relativt tynt folkesett område, derfor er personbilstrafikken ikkje så tett.

Standard og planar

[endre | endre wikiteksten]

Vegen er landsväg heile vegen. Vest for Hällefors er den 7-9 meter brei, medel svingete, mest 90 km/h. Aust for Hällefors er den ganske svingete og smal, 6-8 meter brei. Vegen passerer gjennom alle tettstader, som Molkom, Filipstad, Persberg, Hällefors og Kopparberg.

Det finnast ei forstudie gjord på å retta ut visse kurver og utvide vegen litt på strekninga Lindfors-Brattfors. Det er ingen tidsplan for når dette skal hende og truleg blir det ikkje før etter 2015.

Vegen hadde på 1950-talet vegnummeret 236 Karlstad-Molkom og 233 Molkom – Filipstad – Kopparberg (– Skinnskatteberg – Västerås).

Vegen går for det meste etter eit gammalt strekke. Milsteinane på ein del strekningar langs vegen syner det. Til og med kurvene syner det. Sidan 1950-talet skal riksvägar i Sverige byggast med kurver som ikkje er skarpare enn at ein kan ha ein fart på 90 km/h. Ikkje mykje har blitt bygd dei seinaste tiåra. Jamført med 1940-talet[1] finst det nyare veg nærast Karlstad som er frå 1970-talet. Ein ny gjennomfart gjennom Filipstad og sør for Hällefors fantest på 1960-talet men ikkje på 1940-talet.[2]

Trafikkplassar og kryss

[endre | endre wikiteksten]
Nr Namn Skilting
motorväg Bergmotet E18 motorväg
Stockholm Oslo; 236 Hammarö
? Rud Lorensberg
Stockfallsmotet Stockfallet Skåre Djupdalen
i Molkom 240 Kristinehamn
i Molkom 240 Hagfors
i Filipstad 246 Hagfors
i Filipstad 26 Mariestad
nær Filipstad 26 Mora
nær Hällefors 205 Karlskoga, 244 Örebro (rv 63 svinger)
i Kopparberg 233 Västerås
nær Kopparberg 50 Falun Örebro

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
  1. KAK:s bilatlas 1946
  2. KAK:s bilatlas 1966