Richard Matheson
Richard Matheson | |
Pseudonym | Logan Swanson |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 20. februar 1926 Allendale |
Død |
23. juni 2013 (87 år) |
Yrke | skribent, manusforfattar, romanforfattar, science fiction-forfattar |
Sjanger | fantasy |
Born | Richard Christian Matheson, Ali Marie Matheson, Chris Matheson |
Richard Matheson på Commons |
Richard Burton Matheson (20. februar 1926–23. juni 2013) var ein amerikansk romanforfattar og manusforfattar for film og TV.
Han er mest kjend som forfattaren av I Am Legend (Det siste mennesket), ein science fiction-skrekkroman frå 1954 om ein apokalyptisk verd med ein pandemi som gjer folk om til ein slags vampyrar. Boka er blitt filmatisert tre gonger, og har påverka utviklinga av zombi- og vampyrlitteratur.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Matheson blei fødd i Allendale i New Jersey, som son av dei norske innvandrarane Bertolf og Fanny Matheson. Foreldra skilde seg då han var åtte, og han voks opp i Brooklyn i New York med mor si. Tidlege påverknader på forfattarskapen var filmen Dracula frå 1931, romanar av Kenneth Roberts og eit dikt han las i avisa Brooklyn Eagle,[1] where he published his first short story at age eight.[2] Han blei elev ved Brooklyn Technical High School i 1939, gjekk ut i 1943, og tente med hæren i Europa under andre verdskrigen; dette danna grunnlaget for romanen hans The Beardless Warriors frå 1960.[1][3] Etter krigen studerte han ved Missouri School of Journalism ved University of Missouri, og fekk ein BA i 1949. Deretter flytta han til California.[1][2]
Han var medlem av den såkalla «Southern California Sorcerers» på 1950- og 1960-talet. Dette kollektivet av forfattarar på vestkysten omfatta mellom anna også Charles Beaumont, Ray Bradbury, George Clayton Johnson, William F. Nolan og Jerry Sohl.[4]
Verk i utval
[endre | endre wikiteksten]Romanar
[endre | endre wikiteksten]- I am Legend (1954), i norsk omsetjing som Det siste mennesket (Fredhøis Forlag, Oslo 1983)[5]
- The Shrinking Man (1956), i norsk omsetjing som Edderkoppen (Fredhøis Forlag, Oslo 1982)[6]
- What Dreams May Come (1978)
Filmar
[endre | endre wikiteksten]- 1957 - The Incredible Shrinking Man, filmatisering av romanen The Shrinking Man
- 1960 - Gjest i skrekkens hus, filmatisering av Edgar Allan Poe si novelle «Huset Ushers fall»
- 1961 - Dødspendelen
- 1962 - En studie i skrekk
- 1963 - Ravnen
- 1964 - Den siste mannen på jorden, fyrste filmatisering av romanen Det siste mennesket
- 1963 - The Comedy of Terrors
- 1969 - De Sade
- 1971 - Terror bak rattet
- 1971 - Omegamannen}}, andre filmatisering av Det siste mennesket
- 1973 - Dracula, for TV, med Jack Palance i hovudrolla
- 1983 - Haisommer 3
- 1998 - Drømmenes verden, basert på romanen What Dreams May Come
- 2007 - I Am Legend, med Will Smith i hovudrolla, tredje filmatisering av Det siste mennesket
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Richard Matheson Biography: Author, Screenwriter (1926–2013)». Biography.com (FYI and A&E Networks). Arkivert frå originalen 13. september 2015. Henta 29. september 2015.
- ↑ 2,0 2,1 Hawtree, Christopher (25. juni 2013). «Richard Matheson obituary». Guardian.co.uk (London). Henta 26. juni 2013.
- ↑ Sammon, Paul M. (October 1979). «Richard Matheson: Master of Fantasy». Fangoria (2): 26–29, 52 – via Internet Archive.
- ↑ Conlon, Christopher (31. oktober 1999). «Southern California Sorcerers». Rod Serling Memorial Foundation. Henta 31. oktober 2012.
- ↑ Matheson, Richard. Det siste mennesket. [Oslo]: Fredhøi. s. 4. ISBN 8204012241.
- ↑ Matheson, Richard. Edderkoppen. [Oslo]: Fredhøi. s. 7. ISBN 8204011644.
- Denne artikkelen bygger på «Richard Matheson» frå Wikipedia på bokmål, den 3. april 2024.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Richard Matheson» frå Wikipedia på engelsk, den 4. april 2024.