Peter Birmann
Utsjånad
Peter Birmann | |
Statsborgarskap | Sveits |
Fødd | 24. desember 1758, 14. desember 1758 Basel |
Død |
18. juli 1844 (85 år) |
Yrke | kunstmålar |
Peter Birmann på Commons |
Peter Birmann (24. desember 1758–18. juli 1844) var ein sveitsisk kunstmålar frå Basel. Han var far til målaren Samuel Birmann.
Birmann var fødd i Basel, der faren var steinhoggar. Han var i yngre år lærling hos far sin. Frå 1771 gjekk han i lære hos fleire sveitsiske kunstnarar, der i mellom August Kaufmann, Wocher Marquard og Johann Ludwig Aberli. Frå 1781 til 1790 budde Birmann i Roma og var tilsett hos Louis Ducros og Giovanni Volpato. Under opphaldet vart han kjent med Johann Wolfgang Goethe. År 1791 opna han sin eigen verkstad i Basel. Ved sidan av sitt arbeid som målar, tok han unge kunstnarar i lære, som til dømes Achilles Benz og Hieronymus Hess.
Han døydde i heimbyen i 1844.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Perter Birmann» frå Wikipedia på tysk, den 17. juli 2011.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Bilete og tekst frå Voyage pittoresque de Basle à Bienne par les vallons de Mottiers-Grandval von Peter Birmann sind im Portal VIATIMAGES zu finden Arkivert 2010-08-11 ved Wayback Machine..