Skattesvik
Skattesvik eller skattesnyt er eit brotsverk som går ut på å halda inntekter og formue som ein er meint å betala skatt for unna styresmaktene slik at ein unngår skattlegging.
Skattesvik er straffbart i dei fleste landa i verda. Det kan likevel ofte føregå ved hjelp av mange lovlege middel, som oppbevaring av formuar i såkalla skatteparadis.[1] Skattesvik skil seg frå skatteplanlegging, som går ut på å redusera skatten ein må betala mest mogleg utan å bryta lovverket.
Skattesvik i norsk rett
[endre | endre wikiteksten]Etter Ligningsloven § 12-1 er skattesvik definert som å forsettleg eller grovt uaktsomt gje feil eller ufullstendige opplysingar til likningsstyresmkatene når ein forstår eller burde forstå at dette vil gje skatte- eller avgiftsmessige fordelar, eller å laga dokument som kan gje slike fordelar. Straffa for skattesvik eller medverknad til dette er bot eller fengsel i opptil 2 år. Medvirkning straffes på samme måte.[2]
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Skjult - Et hefte om skatteparadis, kapitalflukt og hemmelighold (PDF), Changemaker og Tax Justice Network - Norge, 2012
- ↑ «Lov om ligningsforvaltning (ligningsloven).», Lovdata.no. Henta 9. mars 2015.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Skatteunngåelse» frå Wikipedia på bokmål, den 9. mars 2015.