Naturgjødselspreiar
Naturgjødselspreiar, eller møkkaspreiar, er eit jordbruksreiskap nytta for å spreia naturgjødsel på åker og eng. Tidlegare var naturgjødselspreiarar utforma som ei vogn og vart dregne av hestar, medan moderne spreiarar vert dregne av ein traktor.
Oppbygging
[endre | endre wikiteksten]Spreiarar for fast gjødsel
[endre | endre wikiteksten]Bakspreiar
[endre | endre wikiteksten]Denne typen har eit belte i botnen som førar møkka attover mot spreieorganet. Speieorganet er vanlegvis utforma som to roterande akslingar med skovlar og/eller knivar [1]. Om det er halm i møkka vert han i nokon grad kutta opp av knivane. Mate- og spreieorgana vert drivne frå kraftuttaket på traktoren, eller med hydraulikkmotorar. Hestedregne spreiarar vert drivne frå hjula på spreiaren.
Sidespreiar
[endre | endre wikiteksten]Denne typen har spreieorganet på den eine sida og kastar møkka sidevegs. Behaldaren er forma som ei trakt i sideretning, med transportskruvar i botnen som fører møkka fram til spreieorganet.
Rotasjonssidesidespreiar
[endre | endre wikiteksten]Denne typen kastar møkka til den eine sida [1]. Desse har ofte ein roterande aksling som går på langs over heile lengda på spreiaren. På denne akslingen er det festa kjettingar som tek tak i møkka og kastar ho sidevegs.
Tankspreiar
[endre | endre wikiteksten]I Noreg vert som oftast land og møkk sampla opp i tette møkkakjellarar, eller tankar. Ein nyttar då tankspreiarar for å transportera og spreia gjødsla. Desse vert som oftast fylte med ei gjødselpumpe. Spereieorganet var tidlegare ofte utforma som eit roterande skovlhjul, plasser bak på tanken. Moderne tankspreiarar har ofte ei innebygd gjødselpumpe som pumpar gjødsla gjennom ei spreiedøse eller mot ein spreiekam. Tankspreiarar kan òg nyttast for vatning.
Tankspreiarar kan òg utstyrast med stripenedleggarar, som grev grunne furer i jorda, plasser gjødsel i dei og grev att. Denne typen kan berre nyttast på open åker.
Galleri: Fastgjødselspreiarar
[endre | endre wikiteksten]-
Eit møkkalass.
-
Naturgjødselspreiing i Tyskland.
-
Her vert møkka spreidd.
-
Bakteriar aukar temperaturen i naturgjødsla.
-
Spreieorganet.
-
På denne Jeantil EPAN 5-spreiaren ser ein både mate- og spreiemekanismeane.
-
Spreieorganet.
-
Ein spreiar frå 1950-talet.
-
Ein hestedreven spreiar, produsert av International Harvester.
-
Møkkaspreiing på 1940-talet.
-
Agco TerraGator med naturgjødselspreiar.
Galleri: Tankspreiarar
[endre | endre wikiteksten]-
Tankspreiar (Kotte Garant).
-
Tankspreiar med (Bomech) med stripenedleggar.
-
Stripenedleggar.
-
Stripenedleggar.
-
Stripenedleggarar kan brettast saman under transport.
-
Tankspreiar utan spreieorgan.
-
Tankspreiar med stripenedleggar.
-
Stripenedleggar (Vredo VT 3936) sett nedanfrå.