Overhalla kommune
Overhalla kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Trøndelag | ||
Adm.senter | Ranemsletta | ||
Areal | 730 km² | ||
• land | 699 km² | ||
• vatn | 31 km² | ||
Folketal | 3 924 (1. januar 2024) | ||
Målform | nøytral | ||
Ordførar | Hege Kristin Kværnø Saugen (Sp) | ||
Kommunenr. | 5047 | ||
Overhalla 64°30′28″N 11°53′38″E / 64.507777777778°N 11.893888888889°E | |||
Kart som viser Overhalla kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Overhalla | |||
Nettstad: www.overhalla.kommune.no |
Overhalla er ein kommune i Trøndelag fylke. Kommunen grensar i nord mot Fosnes og Høylandet, i aust mot Grong, i sør mot Snåsa og Steinkjer og i vest mot Namsos. Administrasjonssenter er Ranemsletta. Laksefiskeelva Namsen og sideelva Bjøra, der kong Harald fiskar laks, renn gjennom Overhalla. Kommunevåpenet er på gylden botn med sju raude, utsvinga kross i ring, og våpenet er avleia av eit stempel som bøndene i Efri Halfua prega eit pergament med i samband med hyllinga av Håkon VI Magnusson i 1344. I kommunen ligg to kyrkjer, Ranem og Skage.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Det er gjort funn frå steinaldertida i det som i dag er Overhalla, mellom anna i form av skiferknivar. 800 gravhaugar er registrerte i Overhalla,[1] og 500 av desse er storhaugar. Dei mest kjende av desse ligg på Bertnem, der det i Merovingartida var eit namdalsk sete for høvdingar av Ynglingeætta. Det er gjort funn av hustufter i nærleiken av Bertnemshaugane, dei eldste av desse langhusa på 40 gonger 8 meter frå år 150-200 e.Kr.[2]
Ved rikssamlinga kring tusentalet vart området som i dag vert kalla Namdalen delt opp i to syssel: Nidri og Efri Halfua, nedre og øvre halvdel. Dette vart òg prestegjeld, med kvar seg Nærøy og Ranum som senter. Efri halfua vart etterkvart brukt både i geistleg og verdsleg administrasjon. Det geografiske området som bar namnet skrumpa derimot stadig inn, til det vart avgrensa for bygda kring Ranem kyrkje. I 1917 vart namnet fastsett til Overhalla ved kongeleg resolusjon.[3] Namnet «Dalen» skal likevel ha vore eit eldre namn for ein del av det området som i dag utgjer Overhalla. Ein møter dette namnet i skriftlege kjelder på 1500-talet, mellom anna i Gaandske Nommedalls leens beskriffuelse aar 1597, der det blir tala om «Offuer halltz gield, eller Dallen».[4]
Allereie i sagaene møter ein overhallningar. Landnåmsmannen Torstein Kvite på Island skal nemleg ha vore frå Overhalla, rettare sagt Almdolum.[5] I Ågrip møter ein dessutan soga om Igda, ei dronning frå ein kongsgard på Øvre Veglo, som drukna seg i ein bekk her.[6] Elles er den første skriftlege kjelda der Overhalla blir nemnd eit mellomalderdiplom frå 5. april 1309, gjeldande eit hæroppbod mot Jemtland frå «æfra haulfu j Naumadale».[7]
På Melen under Hallvardmo ved Namsen har det truleg vore marknad langt tilbake i tid. Sikre prov finst ikkje før frå 1600-talet.[8] Her vart det halde marknad i oktober, der det vart byta ulike landbruks- og tekstilvarer, fisk og tran. Hit kom bønder frå indre og yttre Namdalen i den namdalske båten lafar stakande på Namsen. I 2008 og 2010 vart det arrangert martna på nytt her, for å minnast den gamle marknaden.
Kyrkja i Overhalla er bygd i 1187. Bygget er i romansk stil, og byggematerialet er gråstein på marmorsokkel, medan taket og tårnet er av tre. Klenodiet i kyrkja er altertavla frå 1678, som òg var det einaste ein klarte å redda ut då kyrkja brann i 1899.[9]
Kjende personar frå Overhalla
[endre | endre wikiteksten]- Trine Skei Grande, politikar
- Jan Inge Hovig (1920—1977), arkitekt
- Louis Kvalstad, forfattar
- Anne Marit Mevassvik, politikar
- Johannes Rian (1891–1981), kunstmålar
- Inge Ryan, politikar
- Wenche Frogn Sellæg, politikar
- Frode Saugestad (f. 1974), litteraturforskar
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 15. april 2012, henta 10. desember 2010
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 20. november 2013, henta 10. desember 2010
- ↑ Gunnar Groven, Overhalla Bydebok V (Namsos: O. Hojems trykkeri, 1968), 41-43.
- ↑ Jørn Sandnes, Namdalens historie: til år 1600 (Namsos: O. Hojems trykkeri, 1965), 37.
- ↑ Gunnar Groven, Overhalla Bydebok V, 60.
- ↑ Jørn Sandnes, Namdalens historie, 185.
- ↑ Diplomatarium Norvegicum, bd. 1, red. av Chr.C.A. Lange og Carl R. Unger (Christiania: P. T. Mallings Forlagshandel, 1847), 108.
- ↑ Jørn Sandnes, Namdalens historie, 335.
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 20. november 2013, henta 10. desember 2010