Oslo-filharmonien
Oslo-filharmonien, eigenleg Oslo Filharmoniske Orkester, tidlegare Filharmonisk Selskaps Orkester, er eit symfoniorkester i Oslo som vart skipa i 1919. Oslo-filharmonien har base i Oslo Konserthus, og er eit av dei leiande symfoniorkestra i Europa.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Røtene til orkestret går tilbake til 1871, då Edvard Grieg og Johan Svendsen skipa orkesteret Christiania Musikforening. Dette avløyste den gongen Det Philharmoniske Selskab frå 1847. Christiania Musikforening vart sidan slått saman med Christiania Teaters Orkester, og fekk statsstøtte frå 1889.
I 1889 opna Nationaltheatret, som også hadde sitt eige orkester, under leiing av Johan Halvorsen. Orkestret var meint å vera fast symfoniorkester for Oslo. Under fyrste verdskrigen vart dette oppløyst, men vart gjenoppretta i 1918.
Året etter vart Filharmonisk Selskap skipa, og selskapet søkte om lov til å overta Nationaltheatrets orkester. Søknaden vart innvilga, og dei fyrste åra hadde Filharmonisk Selskaps Orkester tre kapellmeistrar: Johan Halvorsen, finske Georg Schnéevoigt og polske Ignaz Steumark. Den fyrste konserten til orkestret vart halden 27. september 1919. Der framførte dei m.a. Ja, vi elsker, A-mollkonserten av Edvard Grieg, og Landkjenning med Erik Ole Bye, Den norske Studentersangforening og Christiania Handelsstands Sangforening.
I 1921 vart Filharmoniske Selskaps Kor oppretta. Det skifte seinare namn til Oslo Filharmoniske Kor, og eksisterer framleis.
I 1920-åra gjekk selskapet med store underskot, og gjekk konkurs i 1930. Eit nytt selskap vart difor oppretta med nye aksjonærar. I 1934 starta Filharmonisk Selskaps Orkester eit samarbeid med NRK som gjekk ut på at orkesteret vart delt i to grupper, og dei to gruppene tenestegjorde som radioorkester annankvar månad. I tillegg hadde NRK rett til å kringkasta alle orkesterkonsertane bortsett frå abbonementskonsertar. Ordninga varte fram til 1946.
Særleg etter andre verdskrigen har orkestret oppnådd stor internasjonal merksemd, og fekk ein særleg oppsving under leiinga av Mariss Jansons. Det har for tida 107 tilsette musikarar, og har hatt fast base i Oslo Konserthus sidan 1977. Det skifte namn til Oslo Filharmoniske Orkester i 1979, og seinare til Oslo-filharmonien. I den japanske boka Sekai no Okesutora 123 frå 1994 er orkesteret nemnt som eit av dei 60 beste orkestra i verda.
Prisar og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]Oslo-filharmonien er den artisten som har vunne flest Spellemannprisar med heile ni prisar.
- Spellemannprisen 1972 i klassa klassisk musikk/samtidsmusikk (som Filharmonisk Selskaps Orkester)
- Spellemannprisen 1981 i klassa klassisk musikk/samtidsmusikk for 3 plater med musikk av Edvard Grieg
- Spellemannprisen 1984 i klassa klassisk musikk/samtidsmusikk for Pjotr Tsjajkovskij: symfoni nr. 5
- Spellemannprisen 1987 i klassa klassisk musikk/samtidsmusikk for Dmitrij Sjostakovitsj: symfoni nr. 5
- Spellemannprisen 1990 i klassa klassisk musikk/samtidsmusikk for Gustav Mahler: symfoni nr. 2
- Spellemannprisen 1993 i klassa orkestermusikk for Antonín Dvořák: Cello-konsert/Pjotr Tsjajkovskij: Rokokko-variasjoner (med Truls Mørk som solist)
- Årets Peer Gynt - 1988
- Spellemannprisen 1998 i klassa samtidsmusikk for Lasse Thoresen: The Sonic Mind
- Spellemannprisen 1999 i klassa samtidsmusikk for Rolf Wallin: Boyl (Saman med Det norske kammerorkester og Oslo Sinfonietta)
- Spellemannprisen 2009 i klassa samtidsmusikk for Low Jive (saman med dirigentane Rolf Gupta og Peter Szilvay og solistane Peter Herresthal, Øystein Birkeland, Catherine Bullock, Dan Styffe)
- Spellemannprisen 2013 i klassa beste komponist for Lars Petter Hagen med Rolf Gupta og Gjermund Larsen
Sjefdirigentar for Oslo-filharmonien
[endre | endre wikiteksten]- Georg Schnéevoigt (1919–1921)
- Johan Halvorsen (1919-1920)
- Ignaz Neumark (1919–1921)
- José Eibenschütz (1921–1927)
- Issay Dobrowen (1927–1931)
- Olav Kielland (1931-1945)
- Odd Grüner-Hegge (1931–1933 og 1945–1962)
- Øivin Fjeldstad (1962-1969)
- Herbert Blomstedt (1962-1968)
- Miltiades Caridis (1969-1975)
- Okko Kamu (1975-1979)
- Mariss Jansons (1979-2002)
- André Previn (2002-2006)
- Jukka-Pekka Saraste frå august 2006.
- Vasili Petrenko frå 2013
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Artikkelen er basert på Bokmålswikipedia om Oslo-filharmonien, henta inn 19. februar 2011.
- «Oslo-Filharmonien» i Store norske leksikon, snl.no.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Nettsidene til Oslo-Filharmonien. Arkivert 2015-12-06 ved Wayback Machine.