Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Ostkaka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ostkaka.

Ostkaka er ei svensk ostekake som opphavleg kjem frå Hälsingland[1] og Småland.[2] Kaka blir tradisjonelt servert varm saman med syltetøy, krem, fløyte eller is.[3]

Ostkaka blir tradisjonelt laga ved å tilsetje løype til mjølk og let kaseinet koagulere. Krem, smør, egg, mandlar blir så tilsette for å lage deigen.

Deretter blir kaka bakt i omnen og servert lun, aldri varm, sidan det vil nøytralisere den særeigne smaken.[3]

Tradisjonelt blir Smålandsvarianten laga i ein romsleg koparkjele. Dette har gitt utslag i ein tradisjon som tillet gjestane å servere seg frå midten av kaka, for å unngå spor av kopar som har kunna blanda seg inn i kakedeigen der ho har vore borti kjelen.

Sidan 2004 feirer man i Sverige kvart år Ostkakans dag den 14. november.[4] Dagen blei lansert av Ostkakans vänner,[5] som blei stifta våren 2003.

  1. «Hälsingeostkaka med saffran». ICA. januar 2002. s. 9. Arkivert frå originalen 13. desember 2009.  «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 13. desember 2009. Henta 24. juni 2010. 
  2. Ostkaka Arkivert 12. august 2010 på Wayback Machine..
  3. 3,0 3,1 «Äkta småländsk ostkaka». Arkivert frå originalen 3. januar 2004. Henta 24. juni 2010. 
  4. Ostkaka nyupptäckt mellanmålsfavorit Arkivert 12. juni 2008 på Wayback Machine.
  5. Ostkakans vänner

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Ostkaka