Ofra
Utsjånad
Ofra | |||
עֹפְרָה | |||
landsby | |||
Land | Palestina | ||
---|---|---|---|
Region | Vestbreidda | ||
Distrikt | Judea- og Samaria-området | ||
Kommune | Mateh Binyamin | ||
Koordinatar | 31°57′20″N 35°15′37″E / 31.95556°N 35.26028°E | ||
Folketal | 3 200 (2010)[1] | ||
Grunnlagd | 1975 | ||
• Grunnlagd av | Gush Emunim | ||
Ofra 31°57′20″N 35°15′37″E / 31.955511111111°N 35.260233333333°E | |||
Kart som viser Ofra.
| |||
Wikimedia Commons: Ofra | |||
Nettstad: http://muni.tik-tak.co.il/web/index.asp |
Ofra (hebraisk skrift עֹפְרָה) er ei israelsk busetjing nord på den okkuperte Vestbreidda, underlagt Mateh Binyamin regionale kommune. Han ligg langs hovudvegen mellom Jerusalem og Nablus og har 3 200 innbyggjarar (2010).
Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.[2] I følgje menneskrettsorganisasjonen B'Tselem er mykje av Ofra bygd på privateigd, palestinsk jord, noko som gjer han ulovleg etter israelsk lov.
Ofra ligg aust for sperringa til Israel på Vestbreidda, kring 25 kilometer frå Den grøne linja, og 20 kilometer nord den grøne linja i Jerusalem.[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ofra» frå Wikipedia på engelsk, den 16. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Table 3 - Population of Localities Numbering Above 2 000 Residents and Other Rural Population» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. 30. september 2009. Henta 29. januar 2010.
- ↑ «The Geneva Convention». BBC News. 10. desember 2009. Henta 27. november 2010.
- ↑ See maps on B'Tselem website and on Wikimedia Commons
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Nettside for Ofra Arkivert 2007-03-11 ved Wayback Machine. (he)