Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Jimmy Webb

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jimmy Webb

Webb på Oslo Jazzfestival 2016
Fødd15. august 1946 (78 år)
FødestadElk City i Oklahoma i USA
FødenamnJimmy Layne Webb
OpphavUSA
AktivSidan 1965
SjangerPop, country, rock
InstrumentPiano, vokal
PlateselskapEpic, Reprise, Asylum, Atlantic, Columbia, Elektra
Verka somLåtskrivar, komponist, songar
Gift medLaura Savini
PrisarJohnny Mercer Award, Oklahoma Music Hall of Fame

Jimmy Layne Webb (fødd 15. august 1946) er ein USA-amerikansk låtskrivar, komponist og songar. Han har skrive fleire kjende songar som har selt i millionvis, som «Up, Up and Away», «By the Time I Get to Phoenix», «Wichita Lineman», «Galveston», «The Worst That Could Happen», «All I Know» og «MacArthur Park».[1] Han har hatt suksessrike samarbeid med Glen Campbell, Michael Feinstein, Linda Ronstadt, The 5th Dimension, Art Garfunkel og Richard Harris.[2]

Webb vart innlemma i Songwriters Hall of Fame i 1986 og Nashville Songwriters Hall of Fame i 1990. Han mottok æresprisen til National Academy of Songwriters i 1993, Songwriters Hall of Fame Johnny Mercer Award i 2003, ASCAP «Voice of Music» Award i 2006 og Ivor Novello Special International Award i 2012. I følgje BMI er songen hans «By the Time I Get to Phoenix» den tredje mest framførte songen mellom 1940 og 1990.[3] Webb er den einaste artisten som har fått Grammyprisen for musikk, tekst og orkestrering.[3]

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]

Originale album

[endre | endre wikiteksten]
  1. Eder, Bruce. «Jimmy Webb Biography». AllMusic. Henta 24. januar 2019. 
  2. «Jimmy Webb Writing & Arrangement Credits». Discogs. Henta 24. januar 2019. 
  3. 3,0 3,1 «Jimmy Webb: Biography». Songwriters Hall of Fame. Henta 24. januar 2019. [daud lenkje]


Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]