Indredepartementet
Indredepartementet var eit norsk departement som stod for ein del av statstyringa i perioden 1846–1902.
Indredepartementet vart vedteke ved kongeleg resolusjon den 16. juli 1845. Departementet vart oppretta 1. januar 1846, delt opp i seks kontor (avdelingar). Indredepartementet fekk overført oppgåver frå både Justisdepartementet, Finansdepartementet og Kyrkjedepartementet.
Indredepartementet var eit av dei største departementa, og spelte ei viktig rolle i utviklinga av det norske samfunnet. Både handel og sjøfart, poststellet, vegnettet, bygnings- og brannvesenet, forsikringssaker, nærings- og distriktspolitikk, samt nasjonal statistikkføring sokna til departementet. Etterkvart som Noreg utvikla ny industri fekk departementet ansvar for nye felt, som undervisning, sinnsjukevesenet, utskiftningsvesenet og jernbanevesenet.
Statsrådar 1846-1902
[endre | endre wikiteksten]- 1846-1848: Frederik Stang (seinare statsminister)
- 1848-1849: Hans Christian Petersen
- 1849-1854: Frederik Stang
- 1854-1858: Christian Zetlitz Bretteville
- 1858-1859: August Christian Manthey
- 1859-1861: Christian Zetlitz Bretteville
- 1861: Johan Christian Collett (tilforordnet)
- 1861-1862: August Christian Manthey
- 1862-1865: Christian Zetlitz Bretteville
- 1865-1866: August Christian Manthey
- 1866-1868: Christian Zetlitz Bretteville
- 1868-1869: Frederik Stang
- 1869-1871: Christian Zetlitz Bretteville
- 1871: Henrik Laurentius Helliesen
- 1871-1872: Niels Vogt
- 1872-1873: Johan Collett Falsen
- 1873-1875: Niels Vogt
- 1875-1876: Christian Selmer
- 1876-1878: Niels Vogt
- 1878-1879: Christian Selmer
- 1879-1882: Niels Vogt
- 1882-1883: Christian Jensen
- 1883-1884: Niels Vogt
- 1884: Niels Rye (konstituert)
- 1884: Thomas Cathinco Bang
- 1884-1885: Sofus Arctander (V)
- 1885-1886: Jacob Stang (H)
- 1886-1888: Sofus Arctander
- 1888: Walter Scott Dahl (V)
- 1888: Peter Olrog Schjøtt (V)
- 1888: Oscar Jacobsen (V)
- 1888: Lars Knutson Liestøl (V)
- 1888-1889: Georg August Thilesen (V)
- 1889-1890: Johan Thorne (H)
- 1890-1891: Ole Furu (H)
- 1891-1893: Wollert Konow (V)
- 1893-1894: Johan Thorne (H)
- 1894-1895: Peter Birch-Reichenwald (H)
- 1895-1897: Thomas von Westen Engelhart (V)
- 1897-1898: Olaj Johan Olsen (V)
- 1898-1899: Georg August Thilesen (V)
- 1899-1900: Ole Anton Qvam (V)
- 1900-1902: Johannes Steen (V)
- 1902-1903: Otto Albert Blehr (V) (blei også statsråd i det nye Handelsdepartementet frå 1903)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Indredepartementet» frå Wikipedia på bokmål, den 5. august 2014.