Hans Engnestangen
Hans Engnestangen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 28. mars 1908 Brandbu |
Død | |
Yrke | skøyteløpar |
Politisk parti | Nasjonal Samling |
Hans Engnestangen på Commons |
Hans Engnestangen (28. mars 1908–9. mai 2003) var ein norsk skeiseløpar, fødd og død på Brandbu i Oppland. Han vart verdsmeister på skeiser i 1933 og norsk meister både i 1937 og 1938.
Engnestangen utgjorde saman med Ivar Ballangrud og Michael Staksrud den såkalla Hadelandstrioen. Nett desse tre løparane tok dei tre pallplassane under VM på skeiser 1933 i Trondheim, med Engnestangen på topp. To år seinare stod dei same tre på sigerspallen etter VM på skeiser 1935, då med Staksrud som meister og Engnestangen på tredjeplassen. I 1937 kom Engnestangen på andreplass i EM på skeiser, Staksrud vart atter meister. Same sesongen gjekk Engnestangen til topps i NM på skeiser, ein prestasjon han gjentok året etter.
Engnestangen sette tre verdsrekordar på 500 meter, den fyrste i 1933 og den siste i 1938. Ved det siste høvet kom han i mål på 41,8 sekundar, ei tid som gav han Morgenbladets Gullmedalje for 1938. Alle 500-meterrekordane vart sette i Davos. Nokså nøyaktig eitt år etter var han i slutten av januar 1939 tilbake i den sveitsiske alpebyen, der han slo verdsrekorden på 1500 meter ettertrykkeleg då han kom i mål på tida 2.13,8. Fyrst vinteren 1952 vart dei to verdsrekordane sletta frå rekordlistene.
Vinteren 1942 deltok Engnestangen i landskampen Tyskland–Noreg i Klagenfurt. I motsetnad til andre norske landskamp-deltakarar hadde Engnestangen inga personleg tilknyting til nazismen, men var likevel uynskt i det nasjonale, norske skeisemiljøet etter verdskrigen.