Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Haljem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Halhjem)
Haljem
stad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Bjørnafjorden
Postnummer 5200 OS
Preposisjon Haljem
Ferdselsårer E39
Kart
Haljem
60°09′00″N 5°26′00″E / 60.15°N 5.43333333°E / 60.15; 5.43333333

Haljem, også skrive Halhjem, er ein liten tettstad sør i Bjørnafjorden kommune i Vestland. På Halhjem er det ein ferjekai med ferjesamband til SandvikvågFitjar og til VågeTysnes. Ferjesambandet Halhjem-Sandvikvåg er ein del av Kyststamvegen.

Fram til og med 1999 rekna Statistisk sentralbyrå Haljem som eigen tettstad, men sidan har Haljemsområdet vore medrekna til tettstaden Osøyro. I 1999 budde det 991 personar på Haljem.[1]

Halhjem har hatt busetnad frå tidleg i den menneskelege historia. Mellom anna har ein funne helleristingar der.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.