Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Hafar Al-Batin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hafar Al Batin
by
Kallenamn: Kjeldehovudstaden
Land  Saudi-Arabia
Provins Austprovinsen
Koordinatar 28°26′3″N 45°57′49″E / 28.43417°N 45.96361°E / 28.43417; 45.96361
Folketal 271 642  (2010)
Grunnlagd 638
Tidssone AST (UTC+3)
 - Sommartid AST (UTC+3)
Postnummer 31991
Retningsnummer +966-3-7
Kart
Hafar Al-Batin
28°26′03″N 45°57′49″E / 28.434166666667°N 45.963611111111°E / 28.434166666667; 45.963611111111
Kart som viser Hafar Al-Batin.
Kart som viser Hafar Al-Batin.
Kart som viser Hafar Al-Batin.
Wikimedia Commons: Hafar Al-Batin

Hafar Al-Batin (arabisk حفر الباطن, Ḥafar al-Bāṭin) er ein by i Saudi-Arabia i Austprovinsen. Han ligg 430 km nord for Riyadh, 94,2 km frå grensa til Kuwait, og kring 74,3 km frå Irak. Byen ligg i den tørre dalen Wadi al-Batin, som er ein del av den lengre dalen til elva Wadi Al-Rummah (no tørr), som fører innover mot Medina og som tidlegare munnar ut i Persiabukta.

I 2010 hadde Hafar Al-Batin meir enn 35 landsbyar i forstadane med i alt 389 993 til 600 000 innbyggjarar. Sjølve Hafar Al-Batin hadde kring 270 000 innbyggjarar.

Frå 638 evt. låg Hafar Al-Batin på ruta i ørkenen som pilegrimane passerte på veg til Mekka for hajj. På den tida var det ikkje noko vatn i dette området, så pilegrimar som reiste frå Irak til Mekka fekk ei langt strekke utan vatn. Under regjeringstida til Uthman (644–656) klaga mange pilegrimar på vassmangelen og Abu-Musa al-Asha'ari, ein av følgjesveinane til Muhammed svarte med å grave nye brunnar langs ruta i Al-Batin-dalen. Namnet Hafar Al-Batin (arabisk حفر الباطن, «holet i Al-Batin-dalen») kjem av dette.

Tempepraturane i Hafar Al-Batin varierer frå 4-8 °C på vinterkveldar til 40-45 °C på sommardagar. Klimaet er generelt varmt og tørt, og det regnar berre spreidd om vinteren.

I Köppen-Geiger sitt klimasystem er klimaet klassifisert som varmt ørkenklima (BWh).[1]

Vêrdata for Hafar Al-Batin
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks °C 18,4 20,9 25,6 32,1 38,7 42,5 43,9 43,4 41,9 35,1 25,4 19,9 32,3
Døgnmiddeltemperatur °C 12,4 14,5 18,9 24,8 30,9 34 35,6 34,6 33,1 27,2 18,5 13,6 24,8
Gjennomsnittleg min °C 6,5 8,1 12,2 17,6 23,1 25,5 27,4 25,9 24,3 19,4 11,6 7,3 17,4
Gjennomsnittleg nedbør mm 32 37 42 29 22 0 0 4 0 9 37 29 241
Kjelde: Climate-Data.org (høgd 310m)[1]


Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Hafar Al-Batin